Livsvisdom av Arnold Hoddevik

Egil av Kenneth Enstad

Sjarmør av Monica Elise Vestre

Knapt 40 medlemmar hadde møtt fram til desembermøtet i Skodje fotoklubb. Mange var spente på å sjå og høyre om Geir Jartveit sine opplevingar i den finske villmarka tidlegare i haust. Men først var det gjennomgang av bilda i 5. runde i klubbkonkurransen og ei lita infoavdeling.

TING I TIDEN Først kom Arnold med ei lita påminning om å lese e-posten med mykje viktig informasjon som John nettopp har sendt ut. Han nemnede kort: Kalenderprosjekt. Styret har bestemt at Skodje fotoklubb også neste år skal lage og selge ein kalender med tolv turmål. For kvar månad skal det vere turbeskrivelse, foto og evt kulturminneopplysningar. Kalenderen for 2014 skal dekke alle kommunene på nordre Sunnmøre, så no er det berre for medlemmane å planlegge kva dei vil bidra med. Styret treng ein komite på tre som kan ta seg av dette prosjektet, så her er det berre å melde seg. Nesten alle kalenderane for 2013 er no selde og har skaffa klubben eit godt overskot. Bildebank til Skodje kommune. Ca. 300 bilde kom inn, og det er no gjort eit utval på 100 stk som kommuna kan bruke. Ein god deal som har gitt 15 000, - kr til klubbkassa. Fotoutstilling. Styret vil jobbe for å få til ei utstilling med store bilde, min A3, i løpet av våren. Kom gjerne med innspel til når og kvar utstillinga kan vere. Ungdomsgruppe. Det hadde vore kjekt om Skodje fotoklubb også kunne ha eiga ungdomsgruppe, - og styret ser gjerne at nokon engasjerer seg for å dra i gang ei slik. Klubbkveldane for våren. Styret er godt i gang med planlegginga og har tema for dei fleste kveldane, men dersom nokon har tips til spennande tema, så er det ikkje for seint, - ta kontakt! Årsmøte er 31. januar kl. 19:00 Neste medlemsmøte er 24. januar. Då blir det gjennomgang av bilda som vart premierte i NM og resultata frå VM. Dessutan får klubben besøk av NSFF-kontakt Anita Hector.

KLUBBKONKURRANSE; tema ANSIKT 4. runde i klubbkonkurransen om å bli årets fotograf hadde tema «Ei ansikt». 23 bilde var innleverte til denne runden. Det har vore mykje kommentering på forumet, og denne gongen var det også ein del diskusjon rundt komposisjon, det tekniske, lysbruk osv på møtet. Veldig kjekt! Til slutt vart det avslørt kven som hadde kome med mellom antatte og premierte. Tre bilde vart antatt; det var Roar Mortensen med «Morskefjes», Ronald Longva med «Ettertenksom», Olav Hustad med «Et ansikt» Dei som sanka aller mest poeng i denne runden, var på 5. plass Trond Edvard Ekroll med «A man's face is his autobiography», 4. plass Marianne With Nor med «Emil», 3. plass Monica Elise Vestre «Sjarmør», 2. plass Kenneth Enstad med «Egil» og på 1. plass Arnold Hoddevik med «Livsvisdom». Neste runde er tema Nattfoto, - og NB: Då må alle levere gjennom sidene til NSFF. Dersom du treng meir opplæring for å gjere det, så ta kontakt med Håvard eller Arnold.

ULV, BJØRN, JERV OG FLEIRE SPENNANDE FOTOMOTIV Tema for kvelden var Geir sin presentasjon av den finske villmarka. Geir var tidlegare i haust til Kuikka heilt aust i Finland. Han starta med å fortelle om turen og viste korleis arrangøren hadde lagt til rette for fotografering og filming. Geir var der i ei veke og den 6. natta vart det full valutta for pengane; fire bjørnar og sju ulvar på ei natt ga utrulege bilde og filmmateriale. I tillegg fekk Geir også flotte bilde av jerven. Imponerande kor flott Geir presenterte naturopplevingane gjennom bildeshow med musikk til. Om du vil sjå meir av Geir sin bilde, så finn du dei her. Etterpå vart det bildeshow av litt meir stilleståande motiv, - då fekk vi sjå korleis Geir og Kenneth har brukt ulike lyskjelder og laserfargar for å lyse opp motiv i mørket. Ma har dei vore på ein «bilkyrkjegard» i Sverige. Nokre av desse bilda skal utstillast på Lyspunktet i Ålesund i Mars og April. Til slutt hadde Geir laga ein kavalkade med bilde frå 2012, og han ønskte på denne måten medlemmane i Skodje fotoklubb GOD JUL OG GODT NYTTÅR. Tusen takk Geir for flotte opplevingar og mykje inspirasjon!

Tekst: Hilde Sørdal