Gutta på tur. Foto: Oddveig Karin Holmen
Ein må klatre litt for å få det rette motivet... Foto: Oddveig Karin Holmen
Klatreturen gav uttelling. Foto: Johnny Blindheim
|
7 hardhausar møtte opp på Molnes denne kalde og klare desemberdagen. Gradstokken viste ca 7 minusgrader, men med vinden og havlufta kjentes det meir som 14 minus… Ein slik kulde gjer noko med knipsefingrane, men med hanskar og varme klede klarte vi oss godt ganske lenge.
Ingen visste heilt vegen til Bårevika, men vi fulgte stien langs sjøen og fann fram. Dei fleste av oss var på tur i eit par timar, men nokre holdt ut lenger og fekk med seg solnedgangen også. Mens vi var ute i Bårevika kom det 2 andre også som var klare for å vere med på utflukta.
Johnny var den mest lokalkjente fotografen, og også den mest vågale som turde å klatre litt på svaberga for å få det rette motivet. Og som de ser av bildet lønte den lille klatreturen seg.
Til alle som gjekk glipp av denne turen, det anbefalast å ta seg ein tur hit! Husk at det ofte blæs og er kaldt her på vinteren, så kle deg godt!
Parkeringsmulighetene på Molnes er ikkje så gode, så det kan vere lurt å samarbeide litt om kjøringa dersom ein er fleire som vil ein tur dit slik ein slepp å irritere lokalbefolkninga med altfor mange bilar parkerte overalt…
Tekst: Oddveig Karin Holmen
|