Fylling 3.mars 2013

Denne dagen var det berre 5 medlemmar som troppa opp på utflukta.

Håpet var å kunne ta bilder av eit snø- og isdekt landskap, eller kanskje finne vårteikn i naturen. Men dette var ein typisk dag midt mellom vinter og vår. Isen på vatn og elvar var blitt til slush, og våren venta framleis på litt fleire plussgrader.

Sjølv om forholda ikkje var heilt optimale fekk vi knipsa nokre bilder nede ved Engesetdalsvatnet. Det er jo alltid noko å ta bilde av, om fantasien berre får leike seg litt... Underteikna fotograf fann blant anna hamburgerbrød som vaks på tre; eit teikn på at naturen gjer seg klar for ein ny grillsesong? Som de ser så prøvde sola så godt den kunne å trenge seg gjennom skylaget for å gje oss litt lys og varme på tur.

Moralen etter turen er: Ut på tur, aldri sur, ha alltid kameraet på lur... ;) "

Tekst og foto: Oddveig Karin Holmen