Eddi fortel om bjørnebilde frå Finland. Foto: Arnold Hoddevik

Eddie viser arbeidsmåte for fugl i flukt. Foto: Arnold Hoddevik

Ørn. Foto: Eddie Bjerkevoll

Alle i klubben har lagt merke til at Eddie på kort tid har blitt ein habil naturfotograf, og hatt stor framgang. Denne kvelden fotalde han om korleis han skaper fantastiske bilde av ville fuglar og dyr.

Eddie Bjerkevoll er ein dedikert og interessert naturfotograf. Landskap er ikkje det heilt store for han, men å fange ville dyr på bildebrikka - det likar han.

Det har etter kvart blitt mange plassar du kan reise for å fotografere bjørn og ørn eller andre meir eksotiske dyr. Eddie har vore på nokre av desse, men pleier mykje kontakt med m.a. ørn i nærområdet sitt. Han fortalde frå turar han har vore på i inn- og utland, og viste fantastiske dyrebilde frå turane. Han fortalde også om korleis han planlegg, når han er ute og matar fuglar og dyr, og brukar god tid, slik at dei blir vane med at han betyr mat. Vi fekk tips om kva som fungerer og kva som ikkje fungerer.

Eddie viste oss også utstyr han brukar, slik som enkelt kamuflasjetelt, fotoapparat og objektiv, stativ, m.m.

I mai skal mange av klubbmedlemmene på besøk, og sjølve få oppleve ørnefotografering, noko vi ser fram til med spenning og glede.

Klubbkonkurransen
Lifestyle var tema for klubbkonkurransen denne gongen. I alt 21 arbeid var juryerte. Bekkalokket juryerte denne runden.

1. Lovers, John Colbensen
2. Burn, Geir Jartveit
3. Smak av sommer, Kenneth Enstad
4. Morning Glory, John Colbensen
4. Havanna, Kenneth Enstad

Marit leier samanlagt, og resten av resultatliste samanlagt etter 6 runder kan medlemmer i klubben laste ned eller lese i forumet.

Bilda kan du sjå i bildegalleriet.

Tekst: Arnold Hoddevik