Sjøen av Arnold Hoddevik

Alnes av Bjarne Skogvik

Natt på Alnes av Roar Mortensen

Vi var 27 medlemmer som deltok på novembermøtet i Skodje fotoklubb. Denne kvelden skulle Arnold vise bilde og fortelle frå turen han hadde til Amerika i vår. I tillegg var det gjennomgang av bilda i 4. runde i klubbkonkurransen og som vanleg ei lita infoavdeling.

TING I TIDEN, del 1 Aller først tok John ordet for å fortelle kor fornøgd han er med klubben sin innsats i NM i foto. Målsettinga om at min. 20 av medlemmane skulle delta og at klubben skal hevde seg mellom dei beste i landet, er nådd. 2 gull, 1 bronse, 3 hederlig omtale og 25 antatte bilde gjer at Skodje fotoklubb oppnådde 2. plass i første runde av NM. Les meir her.

KLUBBKONKURRANSE; tema MITT FAVORITTSTED 4. runde i klubbkonkurransen vart juryerte av Drammen fotoklubb. Dei hadde rangert dei fem beste, men ikkje plukka ut antatte bilde, pga at dei meinte at filene som var leverte på e-post var for små til at dei kunne juryerast på ein skikkeleg måte. 18 bilder var innleverte til denne konkurranserunden. Alle bilda vart presenterte og denne gongen var det mykje kommentarar og bildediskusjon på forumet. Veldig bra! Det er dette vi lærer av! På 1. plass ”Sjøen”,av Arnold Hoddevik, på 2. plass ”Alnes” av Bjarne Skogvik., på 3. plass «Natt på Alnes», av Roar Mortensen, på 4. plass «Duck Island» av Oddbjørn Døving, på 5. plass ”Hjørundfjorden” av Kenneth Enstad.

AMERIKA Etter ein pratepause var det klart for Arnold sin presentasjon av Amerika. Han viste bilde og fortalde frå eit opphald i SanFransisco og ein tur sørøver langs kysten til Los Angeles med retur litt lenger inne i landet.

TING I TIDEN, del 2 Fagerheim. Styret har inngått avtale med Skodje Frilynde Ungdomslag om å leige ungdomshuset Fagerheim. Dette blir i første omgang ei prøveordning fram til sommaren. Før jul satsar vi på å legge bildediskujonskvelden den 29. november hit, - evt. også ei uformell samling etter fotoutflukta søndag 2. desember. Meir info om dette kjem på forumet seinare. Etter jul vil alle klubben sine arrangement vere på Fagerheim.

Konkurransen om å få med bilde til utstillinga på Stranda fotofestival er no avslutta. Det er utplukka ni bilde, sjå her, som blir printa og ramma inne. Kenneth og John monterer utstillinga som skal henge til søndag 2. desember. Kirsti har meldt seg som frivilleg til å hente bilda.

Klubben arrangerer julebord laurdag 24. november, påmedingsfristen er ute og vel 20 er påmelde.

Neste klubbmøte er torsdag 13. desember, og NB det er i klutursalen i Gomerhuset. Då er det Geir Jartveit som skal fortelle og vise bilde av ma rovdyra han møtte på sin fototur til Finland og Russland tidlegare i haust.

Et ansikt er tema i 5. runde i fotokonkurransen. Håvard minte om fristen som er 28. november kl 23:58. Det er mogleg å levere enten på NSFF sine sider eller pr. e-post. Men Håvard oppfordra oss til å bruke NSFF, - bilda der blir automatisk skalerte ned til rett størrelse og dei har då ein kvalitet som gjer dei betre egna for juryering.

Styret minner om at fristen for å levere bilder til Skodje kommune sin bildebank er 30. november. Innlevering på NSFF sine sider.

1. helga i februar kjem Kai Jensen til Ålesund kameraklubb for å halde work-shop. Denne er open også for medlemmer utanom Ålesund Kameraklubb.

Tekst: Hilde Sørdal