Fredrik Lübbe "Pure"

Paul Grøtt "Tempo"

Trond Edvard Ekroll "Footloose"

Skodje fotoklubb skal stille ut 10 bilder under Nordic Light International Festival of Photography 2012. Denne vert arrangert i Kristiansund i slutten av april.

Med utgangspunkt i ei intern fotokonkurranse der det kom inn 40 bidrag , er det no plukka ut 10 bilder som skal representere klubben i Kristiansund. Bilda vert printa ut i A3-format og ramma inne. Saman med ein kort presentasjon av klubben, skal dei henge utstilt frå 24. april til 6. mai. Dette er ei flott anledning til å få presentere klubben og nokre av dei mange flotte bilda som medlemmane står bak.

Dei ti som er valde ut til å representere Skodje fotoklubb denne gongen er: Geir Jartveit - Edderkoppen, Kenneth Enstad - Natt ved Brusdalsvatnet, Fredrik Lübbe - Pure, May Iren Flem - Where to? Paul Grøtt - Tempo, Marianne With Nor - Våkent blikk, Trond Edvard Ekroll - Footloose, Monica Vatnehol - Skyer, John Colbensen - Dodging drops, Sunniva Longva - Broen.