Fiskehjell ved Sveggesundet. Foto: Oddveig Karin Holmen.

Hestskjeret fyr. Foto: Signe Frostad

Storseisundbrua. Foto: Hilde Sørdal

For Skodje fotoklubb ville det i år seie fototur til Nordmøre helga 27. – 29. april.

Nokre hadde ordna seg med fri heile fredagen, og starta med å avlegge Nordic Light i Kristiansund eit besøk. Meir om det her. Andre måtte vente til dei var ferdige med arbeidsdagen før dei etterkvart kunne sette kurs mot Nordmøre. Utpå kvelden var vi nitten tobeinte og ein firbeint som hadde innlosjert oss ved Atlanterhavsveien Sjøstuer i Kårvåg på Averøya.

Sidan veret og kveldslyset var flott, var det fleire som utytta dei siste timane med sol til ein fototur i nærområdet.

Laurdagsmorgonen var det klart for meir fotografering. Men då var lyset og himmelen av det meir kjedelege slagetn og det var regn i lufta. Etter litt diskusjonar og avtalar om tider og stader var dei fleste likevel på tur til dei mange flotte småstadene som finns heilt nordvest på Averøya. Sveggesundet, Ekkilsøy, Langøya med utsikt til Hestskjeret fyr vart tatt nærmare i augesyn og motiva var mange. Nokre valde å bruke første del av dagen i Kristiansund med utstillingar og foredrag av kjende fotografar.

Ettermiddagen og kvelden vart det tur til Farstadsanden og bruene på Atlanterhavsveien. Nær Storseisundbrua, i Hulvågen, ligg vraket av ein stranda og rusta båt. Den har lege der sidan 1989 men det ser no ut for at Kystverket har bestemt seg for å fjerne den. Uansett er dette eit ynda motiv for fotografar, og – det gjeld sjølvsagt også Skodje fotoklubb. Her møtte vi ein skribent og fotograf for nettstaden Brunsvika.net som tok bilde og lovde å skrive om oss.

Laurdagskvelden var det sosialt samvær med felles grillmåltid. Praten gjekk lett og var innom mange meir eller mindre seriøse fototema. Utpå kvelden klarna veret, månen kom opp, og det vart nattfotografering, - med og utan bruk av laser.

Søndagen var det knall blå himmel og på programmet sto eigentleg tur til Trollkyrkja på Eide. Sidan det var få som hadde lyst til å tilbringe dagen inne i ei grotte og vite at det var flott sollys ute, vart det bestemt at kalksteinsgrotteturen kan takast igjen seinare. Derfor vart det ein roleg formiddag med ma nærstudie og fuglefotografering av ei elegant og ikkje altfor skeptisk svane. Heimturen vart så lagt sørover via fiskeværet Bud. Der vart det både tradisjonell fotografering av fargerike fiskebuder, hekkande krykkjer, gamle bilar og meir eksperimenterande fotografering med lange lukkartider på høglys dag.

Ein kjekk tur som inneheldt det meste vermessig, - men vi var heldigvis langt nok nord til å sleppe snøen som hadde lava ned over Sunnmøre laurdag.