|
Torsdag 7. juni var det klart for siste klubbkveld før sommarferien. Om lag 20 medlemmer hadde møtt fram og på programmet stod gjennomgang av konkurransebilda med tema ”Serie”. Etterpå vart Årets fotograf for 2011 kåra, - og til slutt informerte John om "Ting i tiden" og vi fekk ein del diskusjon om kva klubben skal satse på vidare.
På grunn av lav kveldssol og framleis manglande blending på musikkrommet, var det storsalen som vart arena for kveldens bildeframvisning. Heile 22 bidrag hadde kome inn til niande og siste runde i årets klubbkonkurranse. Etter ein første presentasjon med kommentarar og meiningsutvekslingar om bilda, kunne John presentere juryen sine val. På førsteplass kom Trond Edvard Ekroll med serien ”Magic Moments”. På plassen bak kom Oddvar Sviggum med «Portraits from Cuba» og på tredje May Iren Lorgen Flem med «Tales of the kitchen».
Etter ein pause med enkel servering av brus og kjeks og prat om fotorelaterte emner og litt anna, var det klart for avsløringa av kven som i løpet av året hadde sanka flest poeng. På klar førsteplass med 52 poeng totalt, kom Trond Edvard Ekroll. Han kan no titulere seg som Årets fotograf 2011 i Skodje fotoklubb. Premien er eit gåvekort på kr. 2000,- frå netonnet. På andre plass kom May Iren Lorgen Flem, som får gåvekort på 1000,- og på tredjeplass Monica Elise Vatnehol med gåvekort på 750,- .
Siste del av klubbmøtet var via diskusjonar rundt ”Ting i tiden”. John inviterte medlemmene til å kome med innspel og meiningar om korleis aktivitetane i klubben skal leggast opp neste sesong.
Klubblokale. Det kom forslag om å nytte den gamle skulen på Mørkeset som klubblokale. Styret vil i løpet av veke 26 ta ei synfaring dit og vil sjekke ut om klubben kan få ein avtale om leige.
Vår- og hausttur. Det har vorte tradisjon med ein litt lenger tur med overnatting ein gong om hasten og det same om våren. Det kom forslag om at styret jobbar for ein innanlandstur til hausten og ein utanlandstur våren 2013. Turmål med aktivitetsforslag og prisoverslag skal leggast fram for medlemmane i god tid.
Deltaking i NSFF Landskonkurransen. John ønskjer at vi skal markere oss som klubb, noko som betyr at fleire av medlemmane bør delta. Diskusjonen rundt dette viser at mange kan tenke seg å delta men at usikkerheit rundt det praktiske, - skalering og opplasting gjer at nokre vel å la vere. I tillegg peika fleire på at dei gjerne vil ha hjelp til å velge ut bilde. Det er ønskjeleg med eit samarbeid rundt deltakinga, - at medlemmane kan plukke ut aktuelle bilde og at vi så kan møtast og i fellesskap diskutere gjennom bilda før kvar einskild gjer eit endeleg val. Landskonkurransen blir også tema på første klubbkveld til hausten, 23. august.
VM for fotoklubbar. Det er stor enigheit om at Skodje fotoklubb skal delta også i 2012. Ettersom vi vart nr 49 og best av dei norske klubbane i 2011, har vi litt å forsvare. Det vart ein diskusjon rundt korleis vi skal plukke ut dei 20 bilda som skal representere klubben. Det verka å vere enigheit om at dei fem beste samanlagt i klubbkonkurransen skal vere med. I tillegg kan styret plukke ut nokre deltakarar til. Dei som skal delta hjelper kvarandre så med å plukke ut dei beste bilda.
Klubbkonkurransen 2012. Frå hausten tek Håvard Hopland over som konkurranseansvarleg. Første runde er det ”Fritt tema” og fristen er 07.08.2012. Det kom innspel om at oppmerksomheita rundt den interne klubbkonkurransen kanskje bør tonast litt ned, - iallefall at vi brukar mindre tid av klubbkveldane til den. Den som har forslag til tema for neste års konkurranse sender desse til John på e-post snarast. Styret vil ta stilling til om vi allereie no skal legge ut alle tema fram til jul. Frå hausten må vi finne ny jury, - og etter avstemming på klubbmøtet vart det bestemt at vi skal bruke fotoklubbar tilslutta NSFF til den jobben. Det kom også forslag om å endre poengreglane, - dette vil styret ta stilling til.
Bildefagsrommet i Gomerhuset. Skodje fotoklubb disponerer dette rommet kvar fredagskveld, men det har ikkje vorte brukt. Kanskje er fredag ein dårleg dag? John søker om at vi frå neste år kan bruke rommet torsdagskveldane i staden.
Workshop. Styret vart oppfordra til å få i stand ein workshop som ikkje er spesielt dyr, men der målet sjølvsagt er å lære meir om fotografering. Og, - kanskje like viktig; Å gjere noko i lag slik at medlemmane skal bli bedre kjende og erfare at vi ved å lære av kvarandre kan utvikle klubben og fotoferdigheitene våre.
|