God planlegging er viktig. Foto. Arnold Hoddevik
Ikkje lett å fange såpebobler. Foto. Arnold Hoddevik
Gjennomslag. Foto. Arnold Hoddevik
|
John fekk lyst å lage ein aktivitetskveld i klubben, noko resten av styret tykte var ein god idé. Det tykte visst mange medlemmer i klubben også. Fleire var lei seg fordi det ikkje passa med dagen.
I Gomersalen var det laga til fire stasjonar med forskjellige oppsett. Dei frammøtte medlemene hadde med forskjellige gjenstandar, som vart fotograferte i forskjellig belysning. Ved stasjonane var der dråpeteljar, akvarium, telt for produktfoto, tyllstoff, osv. Hjelpemiddel som sprayflaske, såpebobler, forskjellig frukt, glas, konditorfarge, glyserol, lommelykt og blits vart også brukte til å skape spesielle effekter og stemningar
Borte i ein krok er Eddie, Kenneth og Geir i gang med eit såpebobleprosjekt. En bles bobler, ein fotograferer og ein er modell.
Midt på golvet er eit bord med akvarium på og ein stooor seglduk under. Golvet må takast vare på, så då er det godt å samle opp søl. Ein heil flokk studerer Geir, der han stikk handa ned i vatnet, og Monica fotograferer. Etterpå prøver nokon å sleppe ein paprika ned i vatnet. Då gjeld det å trykke utløysaren i rette tid.
I eit anna hjørne er Svein, Mary, Paul og Liv Inger i gang med å sette opp produktteltet, plassere lyskjelde og gjenstandar i teltet. Her blir det stilleben.
Ved den siste stasjonen er eit par i gang med å fotografere dråpar som dryp frå ein pose og ned i eit glas. Var det viktig å treffe med eksponeringstidspunktet ved akvariet, så gjeld det endå meir her. Utne hjelpemiddel til å få utløysaren til å gå av i det dråpen treffer vatnet og sprutar opp att, er det kjempevanskelig å få til slike dråpebilde.
Denne kvelden var engasjerande, morosam, kreativ og alt anna kjekt på same tid. Alle som ikkje hadde høve til å vere med på denne moroa, får ein ny sjanse 4. desember. Då gjer vi opp att suksessen, kanskje med ein vri. Ta med noko, og kom då vel.
Tekst: Arnold Hoddevik
|