Frå landhandelen på Rekdal i 1997, Kaspara og Olav Gjelstenli. Legg merke til vekta og prislappen. Landhandlarfamilien lever ikkje lenger. Foto: Edmund Melkild

Ole Lia ca 1930. Ope kulturlandskap, hus og utsikt over fjorden. Spor av menneskelig aktivitet. Foto: ukjent, utlånt av Edmund Melkild

Lia i 2014, attgrodd, ingen hus, ingen utsikt. Foto: Edmund Melkild

Geiter på Setra, spennande om nokre tiår - menneske og dyr i samkvem. Foto: Edmund Melkild

Vi må ikkje gløyme å fotografere kvardagen. Både profesjonelle og aktive amatørar bør av og til stille seg dette spørsmålet; Kva vil vi oppnå med fotograferinga vår? Er det berre for eigen kos, eller skal andre også få glede av dei?

Det ser ut til å vere ein trend blant mange, at det er om å gjere å fotografere det unike, det ekstraordinære og det ekstreme. Bilda skal vere ekstremt skarpe, ha ekstremt høg oppløysing, sterke og metta fargar, vise ein ekstrem situasjon og gjerne vise eit naturfotografi, som ingen har sett maken til før. Kven drøymer vel ikkje om det? Edmund Melkild teikna dette bildet av dagens fotografar, og minte oss om at vi ikkje må gløyme å fotografere det kvardagslege, hendingar og situasjonar i notida.

Slike bilde kan kanskje virke uinteressante akkurat no, men om 20, 40 eller 70 år kan det vere heilt annleis. Er det då dei vakre makrobilda, nordlysbilda eller fuglefotografia som er kjekkast å sjå att? Sjølvsagt må vi kose oss med vakker natur i alle fasongar, men gløym ikkje kvardagshendingane. Eg meiner vi burde vere flinkare og meir bevisste på å dokumentere samtida vår. Fotografere det daglegdagse. Det «kjedelege», kulturlandskapet som stadig er i endring, folk og fe. Vi bør rett og slett fotografere ting og situasjonar, som kan vere totalt uinteressante i dag, men som blir meir og meir verdifulle etter som tida går.

Edmund viste fleire bilde som illustrerer dette, m.a. eit bilde i starten av foredraget. Bildet viste ei lita lysning i eit skogkratt, der enkelte ting såg ut til å vere slengt frå seg. På slutten av foredraget viste han eit bilde teke frå same plassen for mange, mange år sidan. Då viste bildet hus og utsikt over fjorden, mens det første bildet, frå notida, ikkje viste noko av dette – berre kratt og rusk.

Kvardagslege ting kan vere slik som bilde av kjøpmannsfamilien Kaspara og Olav Gjelstenli bak disken i matbutikken på Rekdal, høyonn, nokon som ventar på bussen, produksjon i fiske, jordbruk eller industri, levesett, hus og heim, kva klede vi brukar ved ulike høve, eit hus som skal rivast, utbygginga av Korsveggarden og Olivermarka og mange andre situasjonar. Edmund ville ha oss til å tenkje over slike ting, og utfordra forsamlinga på kva dei meinte kunne vere interessant om to, tre generasjonar.

Arnold viste også ei rekkje døme på liknande bilde, endring av kulturlandskap på Stige, snøvintrar i 1956-57, høyonn i på Ekroll og Fylling, bussen til Engesetdalsruta, gammal brøytebil, motorsykkelgjeng på 60-talet og fleire andre situasjonar. Dei gamle bilda viste og illustrerte poenga til Edmund på ein god måte.

Du finn fleire kvardagsbilde i albumet Kvardagsbilde i bildegalleriet. Klikk herfor å sjå bilda