|
Kystlandskapet er favorittstedet til fleire medlemmer i klubben når dei skal på fotoutflukt. Kystlandskapet er ikkje eit konkret sted akkurat, men likevel. Ved havet er mange fine motiv, lyset skifter ofte og fort, sjøen kjem med ei ny og annleis båre kvar gong, og sand og stein kan gi interessante reflekser og gjenskin.
4 medlemmer hadde fått i oppgåve å presentere og vise bilde av favorittplassen sin når dei skal ut å fotografere. Fleirtalet løyste oppgåva ved å vise bilde og fortelje om kvifor dei likar å dra til havet, mens ein skaper vinnarbilda sine ved kjøkkenbordet.
Malvin Dyb likar særleg Blimssanden og Alnes, men tok oss med på ei runde til fleire strender i Giske.
Sanden reflekterer lyset og gir mjuke skuggar. På Alnes likar eg å fange dramatikken, føyka frå bårer i lavt motlys om kvelden og surfarar i aksjon. Alnes ein kveld i motlus og litt grov sjå med svak pålandsvind skaper fantastiske støvskyer av saltvatn opp etter fjellsida – eit spesielt vakker motiv. Ved sørenden av flyplassen er det mange som driv med vindsurfing. Der er grynt vatn og flotte speglingar. På sandstrender blir det nydelige speglingar av himmelen i våt sand, når sjøen fell. På Kvalneset kan du få Erkna i bakgrunnen, og det blir spennande lysforhold. Himmelen skifter ofte og det blir vakkert og dramatisk himmel med Godøya bak.
Synnøve Tveten Broum likar mange plassar, og vel gjerne tema, men drar stadig tilbake til Bjørnøya i Haram. Her er det fri utsikt til Lepsøyrevet, utsikt mot havet og Vigra i vest, og mange mulegheiter for kreativitet med kystfortet. Her er spennande sjø, dramatikk frå havet, skipstrafikken langs Lepsøyrevet, fyret på Gamlemshaugen, ferja frå Skjelten til Lepsøya, fugleliv, osv.
Mary Ødegård likar også å fotografere langs sjøen og i havmiljø. Ho tok oss med på ei kystreise hovedsakleg langs Vestlandet, og viste mange fine stemningar og naturperler.
Paul Grøtt fotograferer mange gonger heime ved kjøkenbordet. Her har han skapt fleire bilde, som har nådd langt i konkuranse med andre. Kjøkkenbordet er mykje brukt. Eg får ein idé, og så går eg inn i ein kreativ prosess, der mykje kan skje, fortalde han. Det er som ei firedelt kake, med idé, førebuing, gjennomføring og redigering med evaluering. Vart det som eg tenkte, eller må alt gjerast om att?
Det velta konjakkglaset med karamellsaus ut over bordet vart laga til ein konkurranse, og resultatet stemte med ideen. Eg synst eg fekk det godt til.
«Det kan vere slikkande tomt i haudet, men plutselig kjem ein idé likevel.»
Bildet med hand og nøkkel har ein klar idé. Det skulle vere som det vart. Det var mykje prøving og feiling, for eg visste ikkje kva eg skulle gjere eller korleis. Plutselig gjekk det opp eit lys korleis eg skulle gjere det, og då stemte alt.
Blå flaske med glas var også ein klar idé, enkelt å få til, men i framkallinga vart eg var reflekser, som ikkje skulle vere med.
Humorbildet, der eg står på ei badevekt, var konkret - humor på eiga bekostning. Først prøvde eg med ein lapp med talet 70 på, så fleire knurva lappar på glvet rundt, men endelig kom det, lappen med eit smilefjes.
Actionbildet var også ein god idé, men eg har aldri stått på eit rullebrett i bevegelse.
Paul er ein kreativ kar med mange idear, og det kjem tydleg fram at han arbeider grundig med ideane sine. Dei utviklar seg, og kan nokre gonger ta ei heilt ny retning.
Tipsspalte Kvelden vart avslutta med at John presenterte diverse tips innan foto. Vi var innom fleire nyttige og gode idear. Ein av dei var korleis du kan finne ut kor stort spenn det er i lyset i eit bilde. Still på fast blendar og ISO, og mål lyset i det aller lysaste først, noter lukkartida, og mål så kva lukkartid som gir rett eksponering målt etter det mørkaste i bildet. Differansen i lukkartid fortel deg kor mange bilde du må ta dersom du vil lage eit bra HDR-bilde.
|