Eit Engelsk gravsted, der fargeballansen er endra, ein vasslange er klona bort, skarpheit og kontraster er framheva og skuggar er letta. Foto: Arnold Hoddevik

På ein svart hund mot kvit snø er det ikkje lett å få fram detaljar pelsen. Med litt framkalling kjem detaljane til syne. Foto: Arnold Hoddevik

Eksempel på bildesamlingar i Lightroom, Arnold Hoddevik

Hunden til Liv Inger studerer sommarfugl i graset. Øvst før, og nedst ser du etter framkalling. Foto: Liv Inger Natvik

Improvisasjon om redigering i Elements og organisering i Lightroom vart tema for septembermøtet. Det planlagte temaet filming med speilrefleks måtte gå ut på grunn av sjukdomsforfall i siste liten. Var det muleg å likevel få til ein interessant kveld for deltakarane?

Nokre få timars varsel er inga hindring for å få i stand eit interessant og nyttig program.

John fekk overlevert bilde frå fleire deltakarar på møtet, og viste korleis bilda med enkle midlar kunne forbetrast i PS Elements.

Fleire hadde med seg bilde som vart utsett for John og tilskuarane sine skarpe blikk og John sine kyndige redigeringsferdigheiter. Han viste korleis du enkelt kan endre farger, dempe glorete farger, gjere bakgrunnen meir uskarp, arbeide med fleire lag i bildet, samanføye lag, dempe høglys, klone bort feil og uønska detaljar, osv.

Dialogen med forsamlinga var god, og mange kom ivrig med forslag til forbetringar. John utførte lydig forslaga, og det var lett synleg korleis bilda endra seg.

Dette var eit populært innslag, så tida gjekk fort. Dei framviste bilda er andre eksempel enn det som var brukt under demonstrasjonen, men illustrerer korleis bilde kan bli endra.

Arnold framheva korleis organisering av bilde kan effektiviserast i Lightroom. Biblioteket i Lightroom har eit godt utval av verktøy, som ikkje alle utnyttar. Mange ser ut til å nøye seg med at bilda ligg lagra i mapper, sorterte etter dato. Det vart poengtert at dette berre er eit lager, og ikkje eit effektiv organiseringsverktøy. Suksessen ligg i å ta i bruk bildesamlingar (Collections), for då blir organiseringa god og effektiv. I bildesamlinga kan alle data frå kameraet brukast, data du sjølv legg til og nøkkelord brukast til å velje kva bilde som skal visast i kvar bildesamling. Det er her suksessen i Lightroom ligg.

Bildet illustrerer eksempel på bildesamlingar.

Kvelden vart avslutta med resultata frå 1. runde i klubbkonkurransa vår. 1. runde ble juriert av Atlanterhavsveien Fotoklubb, og etter til dels heftige diskusjonar vart dei einige om denne resultatlista:
1. plass : Fading Beauty - Marit Lystad Johansen
2. plass: Tired - Arnold Hoddevik
3. plass: No reaction - John Colbensen
4. plass: Bygevér - Hilde Sørdal
5. plass: Whipped Mountain - Ingeborg Nilsen Lystad
Gratulerer alle saman.
Gratulerer også til Olav Hustad som vant alu-printet frå Sponland.

Tekst: Arnold Hoddevik