Giftig? av Paul Grøtt
Roser, silke og champagne av Liv Inger Natvik
Orkidè av Arnold Hoddevik |
40 medlemmar hadde møtt fram på Fagerheim til det første ordinære medlemsmøtet i dei nye klubblokala til Skodje fotoklubb. I tillegg til at det var første møte i nye lokale, var det også første gongen ein prøvde mini-work-shop, - eller var det mini-foto-maraton, som program for klubbmøtet. Skal ein ta omsyn til responsen, - og det skal ein sjølvsagt, - så må det heller ikkje bli den siste. Klubbmøtet vart avslutta med gjennomgang av bilda i 7. runde i klubbkonkurransen, og i tillegg var det som vanleg ei lita infoavdeling. TING I TIDEN Kalenderprosjekt. Styret har bestemt at Skodje fotoklubb i år skal lage og selge ein kalender for 2014, - denne gongen med tolv turmål på nordre Sunnmøre. I år har Oddveig og Grete Janne tatt på seg koordinatorarbeidet. Supert! I tillegg er Bjarne og Arnold med i kalendergruppa som gjerne kan tenke seg å få med eit par eldsjeler til. Medlemmane vert snart utfordra til i bidra med både forslag til turmål, foto og turbeskrivelsar. Landsmøte i NSFF skal arrangerast i Trondheim – 30. mai til 2. juni 2013. Tre frå styret representerer klubben, - John, Arnold og Monica. NM i foto, det er no opna for innlevering i runde 2 på NSFF sine sider. Fristen er 15. april. Bronsemedalje i NM, - Trond Edvard fekk overrekt medaljen sin frå hausten 2012. Gammelt er tema i 8. runde i fotokonkurransen, fristen er 27. februar kl. 23:59. Jury er Bodø kameraklubb. Neste klubbmøte er 21. mars. Då blir det actionfotografering med Terje Aamodt. Meir om han finn du her. INSPIRASJONSKVELD med May Iren, Trond Edvard og Kenneth. Kva inspirerer og kva utfordrar kreativiteten vår? Sentrale spørsmål for ein fotograf. Det kan vere ulikt frå person til person, men dei tre klubbmedlemmane fortalde og viste bilde som eksempel på kva som inspirerer dei. Svært kjekt og interessant å sjå og høyre på dei tre som alle er dyktige fotografar, - med ulike favorittmotiv og med til dels ulike måtar å finne inspirasjon på. Det handlar om å våge å utfordre seg sjølv, å bevege seg utanfor komfortsona, å tørre å gjere ting på sin måte, slutte å samanlikne seg med andre og heller samanlikne seg med det ein gjorde for eit par år sidan. Men kanskje det aller viktigaste; det handlar om å gjere det ein syns er kjekt og som gir glede. - Det samsvarar heilt med det som er motto for klubben i 2013, - nemlig FOTOGLEDE. :-) Etterpå var det klart for den aktive delen av kvelden, - vi vart delt inn i grupper og fekk litt kaffi og kjeks i lag med oppgåva som fortalde at utfordringa var TEATER. Så følgde brainstorming, - assosiasjonar vart noterte og rekvisitaer vart utdelte. Og så var det opp til gruppa å skape bilde utifrå idear som oppstod. Mykje latter og kreative løysingar vart festa til bildebrikkene, og til slutt vart kvar gruppe utfordra til å vise nokre av motiva. Vi vart også oppfordra til å legge eit representativt utvalg på klubbsida. Ikkje tvil om at det var det teatralske som var tema, vi fekk sjå både «Et dukkehjem», «The mask» og «Killing me softly». Dette var ein annleis, men svært godt mottatt aktivitet som nok blir sett opp på programmet igjen til hausten Stor applaus og stor takk til May Iren, Trond Edvard og Kenneth! Kvelden vart runda av med gjennomgang av KLUBBKONKURRANSE. 7. runde om å bli årets fotograf hadde tema Delikat. Kanskje var dette eit vanskeleg tema, ettersom det kom inn færre bilde enn normalt, - 13 bidrag til denne runden. Bilda vart presenterte og vinnarbilde og antatte annonserte. Jury var Kvinnherad kameraklubb. På 1. plass «Giftig?» av Paul Grøtt, på 2. plass ”Roser, silke og champagne” av Liv Inger Natvik, på 3. plass ”Orkidè”,av Arnold Hoddevik , på 4. plass «Roser», av Roar Mortensen, på 5. plass ”The blue hour” av Kenneth Enstad. Antatt «Temptations» av Grete Janne Pettersen. Meir om klubbkonkurransen her. Tekst Hilde Sørdal |


