Søndag 5.mai var nok dei fleste i fotoklubben meir opptatt av å ete kake i ein eller annan konfirmasjon enn å kome seg ut og ta bilder, i alle fall etter oppmøtet på utflukta å bedømme. Men vi var 4 som stilte, klare for tur til Rauma! :)

Første tanken som slår en når ein tenker fotoutflukt til Rauma er kanskje FJELL!? Men merkelig nok var det ikkje så stor andel fjellbilder på minnebrikka når underteikna kom heim frå tur. Derimot var det mangfoldige bilder av sauer, gamle hus, gamle bilar og kreativ fotografering på gamle vegar. Vi 4 som stilte på tur hadde ein kjekk tur, og brukte nok litt over snittet lang tid på strekninga Skodje-Åndalsnes. Slik går det når ein tek alle mulige stikkvegar og køyrer rundt alle tunnelane der det går... Men, det er på alle stikkvegane ein finn dei kjekke fotomotiva! Det var kanskje ein fordel at vi var så få på utflukt, med berre ein bil på tur kunne vi stoppe der vi ville når vi ville. Og eg kan love deg det var mange stopp undervegs både i Vestnes og Rauma kommune.

Kan anbefale andre å ta samme turen, men husk å køyre utanfor allfarveg! Og ein annan ting, ver alltid klar til å tråkke på bremsa for å stoppe og ta bilder!

Tekst og foto: Oddveig Karin Holmen