Frå ei tidlegare utstilling, Nordic Light våre 2012. Foto John Colbensen

Montering av utstillinga i Kristiansund. Foto Hilde Sørdal

Stranda fotoklubb arrangere fotofestival helga 23. - 25. november. Dei får besøk av internasjonalt kjende fotografar og fotokunstnarar som både stiller ut bilde, held foredrag og blir med som inspiratorar på fotoutflukter. Dei har også invitert fotoklubbane i Møre og Romsdal og Nordfjord til å vere med.

Skodje fotoklubb er altså inviterte til å delta med ei utstilling. Klubben har fått 2x2 m til disposisjon. Styret har bestemt at vi skal arrangere ei lita, intern konkurranse for å velge ut bilda som skal vere med på utstillinga. Kvart medlem kan levere inntil 3 bilde, tema er FRITT og fristen er 31/10 kl. 23:58. Styret er jury for konkurransen, men dei kan også levere bilde sjølve. Klubben vil betale print og innramming for dei bilda som blir valde ut til å delta på utstillinga. For å vere med i denne konkurransen MÅ du bruke NSFF sine sider for innlevering. Gå til www.nsff.no . Logg deg inn og finn «postkassa» for innleveringar til Skodje fotoklubb: Der er ei tre-trinns prosedyre, 1. Registrere namn på bildet, 2. Laste opp bilde, 3. Avslutte innlevering. Du treng ikkje skrive ut lappar med namn til denne konkurransen. Sjå også Håvard si oppskrift for innlevering her.

Stranda fotoklubb er ein ung klubb, starta i 2010. Dei er aktive på mange plan og dersom du har lyst til å sjå meir av kva denne naboklubben har på tapetet, så kan du sjekke her.

 

 

Tekst: Hilde Sørdal