Rotagrid, bilde frå fotovideo.no

Transmitter, bilde frå fotovide.no

Dersom du har lyst til å prøve deg på fotografering med studioblitzar så kan det lett la seg ordne. Skodje fotoklubb har nemleg eit sett med slike som du som medlem kan leige.

Etter workshopen med John Andrè Aasen sist helg, håpar styret at mange fekk inspirasjon til vidare jobbing med portrett, med og utan blitz. Klubben har eit sett studioblitzar som medlemmane kan bruke.

På styremøte i går vart utleigeprisane justerte; - så det kostar no kr. 50,- å leige dei ein kveld og kr. 100, - for ei helg. Det vart også bestemt å kjøpe inn to stk Skyport transmitterar, og ein stk Rotagrid diffuser; - sjå bilde.

Blitzutstyret får du leige ved å ta kontakt med materialforvaltar Marianne With Nor. Sjå meir her.