Sjøen av Arnold Hoddevik Alnes av Bjarne Skogvik Natt på Alnes av Roar Mortensen |
Vi var 27 medlemmer som deltok på novembermøtet i Skodje fotoklubb. Denne kvelden skulle Arnold vise bilde og fortelle frå turen han hadde til Amerika i vår. I tillegg var det gjennomgang av bilda i 4. runde i klubbkonkurransen og som vanleg ei lita infoavdeling. TING I TIDEN, del 1 Aller først tok John ordet for å fortelle kor fornøgd han er med klubben sin innsats i NM i foto. Målsettinga om at min. 20 av medlemmane skulle delta og at klubben skal hevde seg mellom dei beste i landet, er nådd. 2 gull, 1 bronse, 3 hederlig omtale og 25 antatte bilde gjer at Skodje fotoklubb oppnådde 2. plass i første runde av NM. Les meir her. KLUBBKONKURRANSE; tema MITT FAVORITTSTED 4. runde i klubbkonkurransen vart juryerte av Drammen fotoklubb. Dei hadde rangert dei fem beste, men ikkje plukka ut antatte bilde, pga at dei meinte at filene som var leverte på e-post var for små til at dei kunne juryerast på ein skikkeleg måte. 18 bilder var innleverte til denne konkurranserunden. Alle bilda vart presenterte og denne gongen var det mykje kommentarar og bildediskusjon på forumet. Veldig bra! Det er dette vi lærer av! På 1. plass ”Sjøen”,av Arnold Hoddevik, på 2. plass ”Alnes” av Bjarne Skogvik., på 3. plass «Natt på Alnes», av Roar Mortensen, på 4. plass «Duck Island» av Oddbjørn Døving, på 5. plass ”Hjørundfjorden” av Kenneth Enstad. AMERIKA Etter ein pratepause var det klart for Arnold sin presentasjon av Amerika. Han viste bilde og fortalde frå eit opphald i SanFransisco og ein tur sørøver langs kysten til Los Angeles med retur litt lenger inne i landet. TING I TIDEN, del 2 Fagerheim. Styret har inngått avtale med Skodje Frilynde Ungdomslag om å leige ungdomshuset Fagerheim. Dette blir i første omgang ei prøveordning fram til sommaren. Før jul satsar vi på å legge bildediskujonskvelden den 29. november hit, - evt. også ei uformell samling etter fotoutflukta søndag 2. desember. Meir info om dette kjem på forumet seinare. Etter jul vil alle klubben sine arrangement vere på Fagerheim. Konkurransen om å få med bilde til utstillinga på Stranda fotofestival er no avslutta. Det er utplukka ni bilde, sjå her, som blir printa og ramma inne. Kenneth og John monterer utstillinga som skal henge til søndag 2. desember. Kirsti har meldt seg som frivilleg til å hente bilda. Klubben arrangerer julebord laurdag 24. november, påmedingsfristen er ute og vel 20 er påmelde. Neste klubbmøte er torsdag 13. desember, og NB det er i klutursalen i Gomerhuset. Då er det Geir Jartveit som skal fortelle og vise bilde av ma rovdyra han møtte på sin fototur til Finland og Russland tidlegare i haust. Et ansikt er tema i 5. runde i fotokonkurransen. Håvard minte om fristen som er 28. november kl 23:58. Det er mogleg å levere enten på NSFF sine sider eller pr. e-post. Men Håvard oppfordra oss til å bruke NSFF, - bilda der blir automatisk skalerte ned til rett størrelse og dei har då ein kvalitet som gjer dei betre egna for juryering. Styret minner om at fristen for å levere bilder til Skodje kommune sin bildebank er 30. november. Innlevering på NSFF sine sider. 1. helga i februar kjem Kai Jensen til Ålesund kameraklubb for å halde work-shop. Denne er open også for medlemmer utanom Ålesund Kameraklubb. Tekst: Hilde Sørdal |
Kart over Skodje kommune. Kilde: www.norgeskart.no |
Skodje fotoklubb skal produsere og levere foto til ein bildebank til bruk for Skodje kommune. Avtalen som klubben har inngått med kommuna er i korte trekk følgjande; Skodje fotoklubb skal levere 100 høgoppløyste fotografi til fritt bruk for Skodje Kommune. 15-20% av bilda skal vere miljøbilder frå td. skule, barnehage og omsorgssenter. Dette tar John seg av. Det blir lagt vekt på at personar på bilda ikkje er gjenkjennelige, eller at bilda er arrangerte med personar som er gjort kjent med bruken. 20-25% av bilda skal representere andre tjenester som kommunen yter, t.d. renovasjon, vatn, avløp. 30-40% av bilda skal vise bygningar, kjennemerker, stader, landskap, natur, osv. som kan knyttast til kommunen. Dei resterande bilda skal vere i gruppa ”diverse”, dvs vilde som kan illustrere case-by-case; for eksempel hus under oppføring, kraftlinjer, hol i vegen, nærbilder av sopp eller bær, manipulerte bilder, osv. Klubben får kr. 15.000,- for oppdraget. Ved bruk av bilda skal Skodje Fotoklubb krediterast som fotograf. Det kan også vere aktuelt med vidare påfyll av bilder til bildebanken, vi kan f.eks. få ei intensjonsavtale om å levere 20-30 bilder pr. år dei nærmaste åra. Så då er det berre for medlemmane å gjere to ting: Gå ut og fotografere og/eller leite igjennom bildesamlingane sine; - og i begge tilfella tenke at motiva skal vere i tråd med det som er skissert ovanfor. Det vil verte oppretta ei "postkasse" på NSFF sine sider for innlevering. Kvar medlem kan levere inntil 12 bilder innan fristen 30/11-2012. Håvard Hopland, Trond Edvard Ekroll og Hilde Sørdal vil så gå gjennom bilda og velge ut kva bilde vi presenterer for Skodje kommune. Når/dersom Skodje kommune seier seg fornøgde, kan dei ta bilda i bruk frå 2013.
Tekst og foto: Hilde Sørdal |
Sommeren som aldri kom, Ann Helen Krogseter Tears from heaven, Monica Elise Vestre Regnbuen, Roar Mortensen |
Over 40 medlemmar sat klar i kultursalen då oktobermøtet til Skodje fotoklubb starta. På programmet stod John sitt foredrag om nattfotografering. Men først var det gjennomgang av bilda i 3. runde i klubbkonkurransen, ei lita infoavdeling og ein pause med enkel servering og litt prat. KLUBBKONKURRANSE; 3. runde i klubbkonkurransen om å bli årets fotograf, hadde tema REGN. 20 bilder var innleverte til denne konkurranserunden. Alle bilda vart presenterte og denne gongen var det Rauma fotoklubb som hadde vore jury og kome fram til ei resultatliste. Dei fem bilda som sanka aller mest poeng var på 1. plass ”Sommeren som aldri kom” Ann Helen Krogseter, 2. plass ”Tears in heaven”, Monica Elise Vestre, 3. plass ”Regnbuen” Roar Mortensen, 4. plass ”Det regner”, Oddbjørn Døving, 5. plass «Ingen ende», Marianne With Nor. 4 bilde fekk hederleg omtale; det var Merethe K Sunde, Paul Grøtt, Fredrik Lübbe og Kenneth Enstad sine bilde. TING I TIDEN Så kom ei lita påminning om diverse aktuelle saker. Neste konkurranserunde. Tema er MITT FAVORITTSTED; frist for levering er 31/10 kl. 23:59.Det er i denne runden to måtar å levere på: E-post til konkurranseansvarleg Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller gå til NSFF sine sider. Logg deg inn og finn «postkassa» for innleveringar til Skodje fotoklubb: Der er ei tre-trinns prosedyre, 1. Registrere namn på bildet, 2. Laste opp bilde, 3. Avslutte innlevering. Du treng ikkje skrive ut lappar med namn til denne konkurransen. Sjå også Håvard si oppskrift for innlevering her. FOTOFESTIVAL på Stranda . Fotoklubben der arrangerer fotofestival helga 23. - 25. november, og Skodje fotoklubb er inviterte til å ha utstilling. Styret har bestemt at vi i den anledning arrangerer ei lita, intern konkurranse for å velge ut bilda som skal vere med på utstillinga. Kvart medlem kan levere inntil 3 bilde, tema er FRITT, frist er 31/10 kl. 23:58. Her MÅ alle bruke NSFF sine sider for innlevering. Du finn eiga «postkasse» til det på same sida som den til klubbkonkurransen. Sjå elles meir om programmet for fotofestivalen her og om den interne konkurransen her. SKODJE KOMMUNE og Skodje fotoklubb har inngått ein avtale der klubben skal levere bilde til ein kommunal bildebank. Bilda kan kommuna bruke på heimesida, i annonser, profilering og trykksaker av ulikt slag. For dette arbeidet får vi 15 000,- kr. til klubbkassa. Alle bilda skal ved bruk krediterast Skodje fotoklubb. Alle medlemmane vert oppfordra til å lever bilde til dette prosjektet. Dess fleire stader og situasjonar, oversiktsbilde og detaljar vi kan klare å samle saman, - dess betre er det. Meir om prosjektet finn du her. UTANLANDSTUR TIL VÅREN. Monica har no klart tilbod på to turar i april/mai. Det er Riga eller Praha som er aktuelle. Her er det knappe fristar for å få gode prisar. Så dersom du syns at fototur med fly, transport t/r flyplassen og hotell m/frukost for under 5 000,- kr høyrest fristande ut, så kan du lese meir her. (Kjem i løpet av helga) Monica vil også sende mail til alle klubbmedlemmer om dette. Og du må klare å bestemme deg innan 2. november. BUFFAR med Skodje fotoklubb sin logo er framleis til sals for kr. 50,-
NATTFOTOGRAFERING Tema for kvelden var John sitt foredrag om nattfotografering. Dette er eigentleg eit kurs på tre timar som det kostar ein del å få med seg. Men som medlemmar i Skodje fotoklubb var vi altså så heldige å få ein to-timers variant, - heilt gratis - på ein vanleg klubbkveld. Og det store frammøtet og avslørande, flittig «notering» på mobiltelefonar i den mørke salen, viste tydeleg at medlemmane sette pris på kursinga og at dei fekk mange gode tips og idear. John viste eksempel på at lyset heile tida er i endring og at skiftande ver og årstider også gir ulike forhold for nattfoto; skumringslyset med blåtimen, månelys, stjernenatta, nordlys og grålysninga. Det som er viktig for å få gode nattbilde er; - i tillegg til kameraet - ein solid tripod, fjernutløysar og varme klede. I tillegg er det ein del utstyr som kan vere kjekt å ha, - men som ikkje er nødvendig for å kome i gang. Det kan også vere ein fordel å sette seg litt inn i innstillingar av kameraet før det blir mørkt! Men for å bli bedre må vi ut i mørket og øve, øve, øve…… Og for å bli gode må vi gidde........ eller ha tid? .......eller?........ Her kan nok diskusjonane fortsette ein annan gong når vi har tid, - eller gidd ;-) Tusen takk til John for alt han lærte oss om nattfotografering!
Tekst: Hilde Sørdal |
Frå ei tidlegare utstilling, Nordic Light våre 2012. Foto John Colbensen Montering av utstillinga i Kristiansund. Foto Hilde Sørdal |
Stranda fotoklubb arrangere fotofestival helga 23. - 25. november. Dei får besøk av internasjonalt kjende fotografar og fotokunstnarar som både stiller ut bilde, held foredrag og blir med som inspiratorar på fotoutflukter. Dei har også invitert fotoklubbane i Møre og Romsdal og Nordfjord til å vere med. Skodje fotoklubb er altså inviterte til å delta med ei utstilling. Klubben har fått 2x2 m til disposisjon. Styret har bestemt at vi skal arrangere ei lita, intern konkurranse for å velge ut bilda som skal vere med på utstillinga. Kvart medlem kan levere inntil 3 bilde, tema er FRITT og fristen er 31/10 kl. 23:58. Styret er jury for konkurransen, men dei kan også levere bilde sjølve. Klubben vil betale print og innramming for dei bilda som blir valde ut til å delta på utstillinga. For å vere med i denne konkurransen MÅ du bruke NSFF sine sider for innlevering. Gå til www.nsff.no . Logg deg inn og finn «postkassa» for innleveringar til Skodje fotoklubb: Der er ei tre-trinns prosedyre, 1. Registrere namn på bildet, 2. Laste opp bilde, 3. Avslutte innlevering. Du treng ikkje skrive ut lappar med namn til denne konkurransen. Sjå også Håvard si oppskrift for innlevering her. Stranda fotoklubb er ein ung klubb, starta i 2010. Dei er aktive på mange plan og dersom du har lyst til å sjå meir av kva denne naboklubben har på tapetet, så kan du sjekke her.
Tekst: Hilde Sørdal |