Giftig? av Paul Grøtt
Roser, silke og champagne av Liv Inger Natvik
Orkidè av Arnold Hoddevik |
40 medlemmar hadde møtt fram på Fagerheim til det første ordinære medlemsmøtet i dei nye klubblokala til Skodje fotoklubb. I tillegg til at det var første møte i nye lokale, var det også første gongen ein prøvde mini-work-shop, - eller var det mini-foto-maraton, som program for klubbmøtet. Skal ein ta omsyn til responsen, - og det skal ein sjølvsagt, - så må det heller ikkje bli den siste. Klubbmøtet vart avslutta med gjennomgang av bilda i 7. runde i klubbkonkurransen, og i tillegg var det som vanleg ei lita infoavdeling. TING I TIDEN Kalenderprosjekt. Styret har bestemt at Skodje fotoklubb i år skal lage og selge ein kalender for 2014, - denne gongen med tolv turmål på nordre Sunnmøre. I år har Oddveig og Grete Janne tatt på seg koordinatorarbeidet. Supert! I tillegg er Bjarne og Arnold med i kalendergruppa som gjerne kan tenke seg å få med eit par eldsjeler til. Medlemmane vert snart utfordra til i bidra med både forslag til turmål, foto og turbeskrivelsar. Landsmøte i NSFF skal arrangerast i Trondheim – 30. mai til 2. juni 2013. Tre frå styret representerer klubben, - John, Arnold og Monica. NM i foto, det er no opna for innlevering i runde 2 på NSFF sine sider. Fristen er 15. april. Bronsemedalje i NM, - Trond Edvard fekk overrekt medaljen sin frå hausten 2012. Gammelt er tema i 8. runde i fotokonkurransen, fristen er 27. februar kl. 23:59. Jury er Bodø kameraklubb. Neste klubbmøte er 21. mars. Då blir det actionfotografering med Terje Aamodt. Meir om han finn du her. INSPIRASJONSKVELD med May Iren, Trond Edvard og Kenneth. Kva inspirerer og kva utfordrar kreativiteten vår? Sentrale spørsmål for ein fotograf. Det kan vere ulikt frå person til person, men dei tre klubbmedlemmane fortalde og viste bilde som eksempel på kva som inspirerer dei. Svært kjekt og interessant å sjå og høyre på dei tre som alle er dyktige fotografar, - med ulike favorittmotiv og med til dels ulike måtar å finne inspirasjon på. Det handlar om å våge å utfordre seg sjølv, å bevege seg utanfor komfortsona, å tørre å gjere ting på sin måte, slutte å samanlikne seg med andre og heller samanlikne seg med det ein gjorde for eit par år sidan. Men kanskje det aller viktigaste; det handlar om å gjere det ein syns er kjekt og som gir glede. - Det samsvarar heilt med det som er motto for klubben i 2013, - nemlig FOTOGLEDE. :-) Etterpå var det klart for den aktive delen av kvelden, - vi vart delt inn i grupper og fekk litt kaffi og kjeks i lag med oppgåva som fortalde at utfordringa var TEATER. Så følgde brainstorming, - assosiasjonar vart noterte og rekvisitaer vart utdelte. Og så var det opp til gruppa å skape bilde utifrå idear som oppstod. Mykje latter og kreative løysingar vart festa til bildebrikkene, og til slutt vart kvar gruppe utfordra til å vise nokre av motiva. Vi vart også oppfordra til å legge eit representativt utvalg på klubbsida. Ikkje tvil om at det var det teatralske som var tema, vi fekk sjå både «Et dukkehjem», «The mask» og «Killing me softly». Dette var ein annleis, men svært godt mottatt aktivitet som nok blir sett opp på programmet igjen til hausten Stor applaus og stor takk til May Iren, Trond Edvard og Kenneth! Kvelden vart runda av med gjennomgang av KLUBBKONKURRANSE. 7. runde om å bli årets fotograf hadde tema Delikat. Kanskje var dette eit vanskeleg tema, ettersom det kom inn færre bilde enn normalt, - 13 bidrag til denne runden. Bilda vart presenterte og vinnarbilde og antatte annonserte. Jury var Kvinnherad kameraklubb. På 1. plass «Giftig?» av Paul Grøtt, på 2. plass ”Roser, silke og champagne” av Liv Inger Natvik, på 3. plass ”Orkidè”,av Arnold Hoddevik , på 4. plass «Roser», av Roar Mortensen, på 5. plass ”The blue hour” av Kenneth Enstad. Antatt «Temptations» av Grete Janne Pettersen. Meir om klubbkonkurransen her. Tekst Hilde Sørdal |
Bilde lånt fra invitasjonen fra Trondhjems Kameraklubb. |
NSFF og Trondhjems Kameraklubb inviterer medlemmene til en av vårens store opplevelser i Trondheim 30.mai til 2.juni 2013. Landsmøtet er NSFFs høyeste myndighet, og arrangeres hvert år i forskjellige byer. Hovedstyret, medlemsklubbene, direktemedlemmene og utvalgene har forslagsrett, møterett og talerett på Landsmøtet. Alle medlemmer har møterett og talerett. Styret i Skodje Fotoklubb har besluttet å sende to representanter til Landsmøtet 2013. Med dagens medlemstall har vi hele 50 stemmer. Skriftlig melding om saker som ønskes behandlet på Landsmøtet skal være Hovedstyret i hende senest seks uker før Landsmøtet. Dersom det ønskes at Landsmøtet skal treffe vedtak i saken, skal forslag til vedtak være ledsaget av en begrunnelse. I tillegg til det formelle Landsmøtet, så arrangeres også forskjellige fotorelaterte aktiviteter og foredrag disse dagene. Programmet er ikke fastsatt enda, men de som har vært med tidligere sier at dette er vel verdt å få med seg. Kan du tenke deg en tur til Trondheim våren 2013 er det bare å melde seg på :) Mer info finner dere her og i linken på forrige side. Tekst: Monica Elise Vestre |
Livsvisdom av Arnold Hoddevik
Egil av Kenneth Enstad
Sjarmør av Monica Elise Vestre |
Knapt 40 medlemmar hadde møtt fram til desembermøtet i Skodje fotoklubb. Mange var spente på å sjå og høyre om Geir Jartveit sine opplevingar i den finske villmarka tidlegare i haust. Men først var det gjennomgang av bilda i 5. runde i klubbkonkurransen og ei lita infoavdeling. TING I TIDEN Først kom Arnold med ei lita påminning om å lese e-posten med mykje viktig informasjon som John nettopp har sendt ut. Han nemnede kort: Kalenderprosjekt. Styret har bestemt at Skodje fotoklubb også neste år skal lage og selge ein kalender med tolv turmål. For kvar månad skal det vere turbeskrivelse, foto og evt kulturminneopplysningar. Kalenderen for 2014 skal dekke alle kommunene på nordre Sunnmøre, så no er det berre for medlemmane å planlegge kva dei vil bidra med. Styret treng ein komite på tre som kan ta seg av dette prosjektet, så her er det berre å melde seg. Nesten alle kalenderane for 2013 er no selde og har skaffa klubben eit godt overskot. Bildebank til Skodje kommune. Ca. 300 bilde kom inn, og det er no gjort eit utval på 100 stk som kommuna kan bruke. Ein god deal som har gitt 15 000, - kr til klubbkassa. Fotoutstilling. Styret vil jobbe for å få til ei utstilling med store bilde, min A3, i løpet av våren. Kom gjerne med innspel til når og kvar utstillinga kan vere. Ungdomsgruppe. Det hadde vore kjekt om Skodje fotoklubb også kunne ha eiga ungdomsgruppe, - og styret ser gjerne at nokon engasjerer seg for å dra i gang ei slik. Klubbkveldane for våren. Styret er godt i gang med planlegginga og har tema for dei fleste kveldane, men dersom nokon har tips til spennande tema, så er det ikkje for seint, - ta kontakt! Årsmøte er 31. januar kl. 19:00 Neste medlemsmøte er 24. januar. Då blir det gjennomgang av bilda som vart premierte i NM og resultata frå VM. Dessutan får klubben besøk av NSFF-kontakt Anita Hector. KLUBBKONKURRANSE; tema ANSIKT 4. runde i klubbkonkurransen om å bli årets fotograf hadde tema «Ei ansikt». 23 bilde var innleverte til denne runden. Det har vore mykje kommentering på forumet, og denne gongen var det også ein del diskusjon rundt komposisjon, det tekniske, lysbruk osv på møtet. Veldig kjekt! Til slutt vart det avslørt kven som hadde kome med mellom antatte og premierte. Tre bilde vart antatt; det var Roar Mortensen med «Morskefjes», Ronald Longva med «Ettertenksom», Olav Hustad med «Et ansikt» Dei som sanka aller mest poeng i denne runden, var på 5. plass Trond Edvard Ekroll med «A man's face is his autobiography», 4. plass Marianne With Nor med «Emil», 3. plass Monica Elise Vestre «Sjarmør», 2. plass Kenneth Enstad med «Egil» og på 1. plass Arnold Hoddevik med «Livsvisdom». Neste runde er tema Nattfoto, - og NB: Då må alle levere gjennom sidene til NSFF. Dersom du treng meir opplæring for å gjere det, så ta kontakt med Håvard eller Arnold. ULV, BJØRN, JERV OG FLEIRE SPENNANDE FOTOMOTIV Tema for kvelden var Geir sin presentasjon av den finske villmarka. Geir var tidlegare i haust til Kuikka heilt aust i Finland. Han starta med å fortelle om turen og viste korleis arrangøren hadde lagt til rette for fotografering og filming. Geir var der i ei veke og den 6. natta vart det full valutta for pengane; fire bjørnar og sju ulvar på ei natt ga utrulege bilde og filmmateriale. I tillegg fekk Geir også flotte bilde av jerven. Imponerande kor flott Geir presenterte naturopplevingane gjennom bildeshow med musikk til. Om du vil sjå meir av Geir sin bilde, så finn du dei her. Etterpå vart det bildeshow av litt meir stilleståande motiv, - då fekk vi sjå korleis Geir og Kenneth har brukt ulike lyskjelder og laserfargar for å lyse opp motiv i mørket. Ma har dei vore på ein «bilkyrkjegard» i Sverige. Nokre av desse bilda skal utstillast på Lyspunktet i Ålesund i Mars og April. Til slutt hadde Geir laga ein kavalkade med bilde frå 2012, og han ønskte på denne måten medlemmane i Skodje fotoklubb GOD JUL OG GODT NYTTÅR. Tusen takk Geir for flotte opplevingar og mykje inspirasjon! Tekst: Hilde Sørdal |
Et av bildene som kom med i årboka for 2010. Foto: Trond Edvard Ekroll |
Da er det igjen åpent for innlevering til Årboka. Flere av medlemmene i klubben har fått med bilder tidligere, og vi håper det blir enda flere denne gangen. Alle kan delta, så her er det bare å prøve :) Bildene må være tatt i 2012, og frist for innlevering er 31.01.2013. Her finner du mer info om Årboka.Tekst: Monica Elise Vestre |
Sjøen av Arnold Hoddevik
Alnes av Bjarne Skogvik
Natt på Alnes av Roar Mortensen |
Vi var 27 medlemmer som deltok på novembermøtet i Skodje fotoklubb. Denne kvelden skulle Arnold vise bilde og fortelle frå turen han hadde til Amerika i vår. I tillegg var det gjennomgang av bilda i 4. runde i klubbkonkurransen og som vanleg ei lita infoavdeling. TING I TIDEN, del 1 Aller først tok John ordet for å fortelle kor fornøgd han er med klubben sin innsats i NM i foto. Målsettinga om at min. 20 av medlemmane skulle delta og at klubben skal hevde seg mellom dei beste i landet, er nådd. 2 gull, 1 bronse, 3 hederlig omtale og 25 antatte bilde gjer at Skodje fotoklubb oppnådde 2. plass i første runde av NM. Les meir her. KLUBBKONKURRANSE; tema MITT FAVORITTSTED 4. runde i klubbkonkurransen vart juryerte av Drammen fotoklubb. Dei hadde rangert dei fem beste, men ikkje plukka ut antatte bilde, pga at dei meinte at filene som var leverte på e-post var for små til at dei kunne juryerast på ein skikkeleg måte. 18 bilder var innleverte til denne konkurranserunden. Alle bilda vart presenterte og denne gongen var det mykje kommentarar og bildediskusjon på forumet. Veldig bra! Det er dette vi lærer av! På 1. plass ”Sjøen”,av Arnold Hoddevik, på 2. plass ”Alnes” av Bjarne Skogvik., på 3. plass «Natt på Alnes», av Roar Mortensen, på 4. plass «Duck Island» av Oddbjørn Døving, på 5. plass ”Hjørundfjorden” av Kenneth Enstad. AMERIKA Etter ein pratepause var det klart for Arnold sin presentasjon av Amerika. Han viste bilde og fortalde frå eit opphald i SanFransisco og ein tur sørøver langs kysten til Los Angeles med retur litt lenger inne i landet. TING I TIDEN, del 2 Fagerheim. Styret har inngått avtale med Skodje Frilynde Ungdomslag om å leige ungdomshuset Fagerheim. Dette blir i første omgang ei prøveordning fram til sommaren. Før jul satsar vi på å legge bildediskujonskvelden den 29. november hit, - evt. også ei uformell samling etter fotoutflukta søndag 2. desember. Meir info om dette kjem på forumet seinare. Etter jul vil alle klubben sine arrangement vere på Fagerheim. Konkurransen om å få med bilde til utstillinga på Stranda fotofestival er no avslutta. Det er utplukka ni bilde, sjå her, som blir printa og ramma inne. Kenneth og John monterer utstillinga som skal henge til søndag 2. desember. Kirsti har meldt seg som frivilleg til å hente bilda. Klubben arrangerer julebord laurdag 24. november, påmedingsfristen er ute og vel 20 er påmelde. Neste klubbmøte er torsdag 13. desember, og NB det er i klutursalen i Gomerhuset. Då er det Geir Jartveit som skal fortelle og vise bilde av ma rovdyra han møtte på sin fototur til Finland og Russland tidlegare i haust. Et ansikt er tema i 5. runde i fotokonkurransen. Håvard minte om fristen som er 28. november kl 23:58. Det er mogleg å levere enten på NSFF sine sider eller pr. e-post. Men Håvard oppfordra oss til å bruke NSFF, - bilda der blir automatisk skalerte ned til rett størrelse og dei har då ein kvalitet som gjer dei betre egna for juryering. Styret minner om at fristen for å levere bilder til Skodje kommune sin bildebank er 30. november. Innlevering på NSFF sine sider. 1. helga i februar kjem Kai Jensen til Ålesund kameraklubb for å halde work-shop. Denne er open også for medlemmer utanom Ålesund Kameraklubb. Tekst: Hilde Sørdal |