Eddi fortel om bjørnebilde frå Finland. Foto: Arnold Hoddevik Eddie viser arbeidsmåte for fugl i flukt. Foto: Arnold Hoddevik Ørn. Foto: Eddie Bjerkevoll |
Alle i klubben har lagt merke til at Eddie på kort tid har blitt ein habil naturfotograf, og hatt stor framgang. Denne kvelden fotalde han om korleis han skaper fantastiske bilde av ville fuglar og dyr. Eddie Bjerkevoll er ein dedikert og interessert naturfotograf. Landskap er ikkje det heilt store for han, men å fange ville dyr på bildebrikka - det likar han. Det har etter kvart blitt mange plassar du kan reise for å fotografere bjørn og ørn eller andre meir eksotiske dyr. Eddie har vore på nokre av desse, men pleier mykje kontakt med m.a. ørn i nærområdet sitt. Han fortalde frå turar han har vore på i inn- og utland, og viste fantastiske dyrebilde frå turane. Han fortalde også om korleis han planlegg, når han er ute og matar fuglar og dyr, og brukar god tid, slik at dei blir vane med at han betyr mat. Vi fekk tips om kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Eddie viste oss også utstyr han brukar, slik som enkelt kamuflasjetelt, fotoapparat og objektiv, stativ, m.m. I mai skal mange av klubbmedlemmene på besøk, og sjølve få oppleve ørnefotografering, noko vi ser fram til med spenning og glede. Klubbkonkurransen 1. Lovers, John Colbensen Marit leier samanlagt, og resten av resultatliste samanlagt etter 6 runder kan medlemmer i klubben laste ned eller lese i forumet. Bilda kan du sjå i bildegalleriet. Tekst: Arnold Hoddevik |
Eit av dei første medlemsmøta. Foto: Arnold Hoddevik Aktivitetskveld med leik og moro.Foto: Arnold Hoddevik Workshop med Magnar Fjørtoft. Foto: Arnold Hoddevik |
8. april fyller klubben fem år. Det syns vi er verdt å markere. Vi har fått til masse desse åra, og ser lyst på framtida. Markeringa opnar med eit kort arrangement i Kultursalen i Gomerhuset kl 14:30 laurdag 11. april. Kl 15 opnar ei fotoutstilling i biblioteket. Medlemmene i klubben har bidratt med eit breidt spekter av bilde, og viser noko av den store breidda i klubben. Utstillinga vil også vise nokre av bilda som har blitt premierte i ulike konkurransar. Utstillinga er open for alle, og du er hjertelig velkommen til opninga laurdag. Etter dette vil utstillinga henge ein månads tid, og du kan sjå den når bibioteket er ope. Fleire medlemmer har meldt seg på eit lukka arrangement om kvelden laurdag 11. april. Der skal vi hygge oss med god mat og fotoprat. Vi trives i lag, og likar å holde på med foto. Bilda her viser inntrykk frå nokre forskjellige klubbaktivitetar. Pressemelding:Skodje fotoklubb fyller fem år Tekst: Arnold Hoddevik |