Gatefoto fra Praha: Monica Elise Vestre

Den vanligste måten å løse tema gatefoto på er å avbilde vanlige mennesker som befinner seg på et offentlig sted i uformelle og uoppstilte situasjoner, og gjerne uten at motivet er oppmerksom på at det blir fotografert. Temaet kan også beskrives som situasjonsfoto.

Og husk: «If your pictures aren’t good enough, you are not close enough» Et berømt sitat fra den kjente krigsfotografen Robert Capa. Noe å tenke på når det gjelder gatefoto ;)

Frist 12. november. Maks to bilder pr. deltager, 2400 piksler lengste side, og innlevering via NSFF sin portal som vanlig.

 

No kan du hente medlemskortet ditt i fotoklubben på kommande medlemsmøte. Styret i fotoklubben har vedteke å innføre medlemskort til alle betalande medlemmer. Desse er no ferdige til utdeling, 25.09.2014. Kortet gjeld fram til neste forfall for medlemskontingent.

Skodje fotoklubb har samarbeid med Sponland foto i Ålesund, noko som gir medlemmer i Skodje fotoklubb konkrete fordeler i butikken. Derfor er det viktig å kunne dokumentere medlemskapet, dersom du skal dit å handle. Sponland foto har dyktige medarbeidarar, eit godt utvalg av varer i butikken og tilgang til attraktive bildeprodukt.

Kom til medlemsmøtet eller eit anna klubbarrangement, og få utdelt medlemskortet ditt.

Tekst: Arnold Hoddevik

www.arnoldfoto.no

På medlemsmøtet 25.09. kan du få ei oppfrisking av kunnskapane om korleis du kan utnytte programmet Adobe Photoshop Lightroom på ein effektiv og god måte.

Kanskje du har gått kurs, men syns du ikkje får det heilt til, eller du har gløymt deler av det som vart gjennomgått på kurset. Kanskje du ikkje har gått kurs, men er nyfiken på kva programmet kan gje deg? Her er sjansen til å få ei rask innføring eller oppfrisking.

Arnold, som har skrive to lærebøker om bruk av Lightroom, går gjennom tips og triks om organisering og framkalling av bilde ved hjelp av Lightroom.

Tekst: Arnold Hoddevik

www.arnoldfoto.no
Video, klikk tilbakeknappen for å returnere hit

Nesten alle digitale kamera kan ta opp film, men korleis går du fram for å skape ein god video filma med digitalt kamera, enten det er speilrefleks, kompaktkamera eller mobiltelefon?

Dette kan du få ei innføring i på kommande medlemsmøte i Gomerhuset, den 25. september. Ein av våre medlemmer, Håvard Løken Nystøyl, er aktiv i filmmiljøet i Ålesund smalfilmklubb. Han vil vise oss korleis du filmar, og korleis du får til ein bra videofilm.

Denne uredigerte og korte filmen er berre eit dårleg eksempel på korleis du kan bruke digitalkamera til filming. Traktoren i filmen høyrer til på Skodjereite, og gjekk under namnet "Reitekamelen"

Tekst: Arnold Hoddevik

Scootergirls in Villa Joysa. Foto: Synnøve Tveten Broum

Dette er det store spørsmålet torsdag 25. 09. Første runde i klubbkonkurransen er juriert, og torsdag får vi resultatet.

Det vart levert inn i alt 32 arbeid til denne runden, der temaet var fritt motiv. Forskjellige typer bilde deltok, og det er spennande kven som dreg av med seieren i denne første runden.

Eit anna spenningsmoment er kven som trekkjer det heldige loddet, og får eit valgfritt ferdig utskrive bilde på aluminium frå Sponland. Det er nytt av året - alle som deltek i klubbkonkurransen er med i loddtrekkinga av eit bilde utskrive på aluminiumsplate i storleiken 40x60 cm. Den heldige vinnaren vel sjølv kva for eit bilde som skal skrivast ut.

Fleire andre spennande saker skjer på kommande medlemsmøte, så møt fram. Les andre artiklar om det som skal skje på medlemsmøtet.

Du finn alle arbeida som deltok i første runde ved å klikke her. Føl med, føl med - meir informasjon kjem.

Tekst: Arnold Hoddevik

Foto: May Iren Lorgen Flem

Denne runden er tema Woman, eller kvinne. Et tema som kan løses på mange måter, bare kvinnen er hovedmotivet. Tradisjonelle kvinneportrett, kvinnelige former, kvinne i miljø, kreativt...det er egentlig bare fantastien som setter grenser ;)

Innleveringsfrist 15. oktober kl. 23.59, via NSFF.NO.

3 dimension av Malvin Jan Dyb

Frå Blimssanden av Synnøve Tveten Broum

Cognac av Paul Grøtt

Kystlandskapet er favorittstedet til fleire medlemmer i klubben når dei skal på fotoutflukt. Kystlandskapet er ikkje eit konkret sted akkurat, men likevel. Ved havet er mange fine motiv, lyset skifter ofte og fort, sjøen kjem med ei ny og annleis båre kvar gong, og sand og stein kan gi interessante reflekser og gjenskin.

4 medlemmer hadde fått i oppgåve å presentere og vise bilde av favorittplassen sin når dei skal ut å fotografere. Fleirtalet løyste oppgåva ved å vise bilde og fortelje om kvifor dei likar å dra til havet, mens ein skaper vinnarbilda sine ved kjøkkenbordet.

Malvin Dyb likar særleg Blimssanden og Alnes, men tok oss med på ei runde til fleire strender i Giske.

Sanden reflekterer lyset og gir mjuke skuggar. På Alnes likar eg å fange dramatikken, føyka frå bårer i lavt motlys om kvelden og surfarar i aksjon. Alnes ein kveld i motlus og litt grov sjå med svak pålandsvind skaper fantastiske støvskyer av saltvatn opp etter fjellsida – eit spesielt vakker motiv. Ved sørenden av flyplassen er det mange som driv med vindsurfing. Der er grynt vatn og flotte speglingar. På sandstrender blir det nydelige speglingar av himmelen i våt sand, når sjøen fell. På Kvalneset kan du få Erkna i bakgrunnen, og det blir spennande lysforhold. Himmelen skifter ofte og det blir vakkert og dramatisk himmel med Godøya bak.

Synnøve Tveten Broum likar mange plassar, og vel gjerne tema, men drar stadig tilbake til Bjørnøya i Haram. Her er det fri utsikt til Lepsøyrevet, utsikt mot havet og Vigra i vest, og mange mulegheiter for kreativitet med kystfortet. Her er spennande sjø, dramatikk frå havet, skipstrafikken langs Lepsøyrevet, fyret på Gamlemshaugen, ferja frå Skjelten til Lepsøya, fugleliv, osv.

Mary Ødegård likar også å fotografere langs sjøen og i havmiljø. Ho tok oss med på ei kystreise hovedsakleg langs Vestlandet, og viste mange fine stemningar og naturperler.

Paul Grøtt fotograferer mange gonger heime ved kjøkenbordet. Her har han skapt fleire bilde, som har nådd langt i konkuranse med andre. Kjøkkenbordet er mykje brukt. Eg får ein idé, og så går eg inn i ein kreativ prosess, der mykje kan skje, fortalde han. Det er som ei firedelt kake, med idé, førebuing, gjennomføring og redigering med evaluering. Vart det som eg tenkte, eller må alt gjerast om att?

Det velta konjakkglaset med karamellsaus ut over bordet vart laga til ein konkurranse, og resultatet stemte med ideen. Eg synst eg fekk det godt til.

«Det kan vere slikkande tomt i haudet, men plutselig kjem ein idé likevel.»

Bildet med hand og nøkkel har ein klar idé. Det skulle vere som det vart. Det var mykje prøving og feiling, for eg visste ikkje kva eg skulle gjere eller korleis. Plutselig gjekk det opp eit lys korleis eg skulle gjere det, og då stemte alt.

Blå flaske med glas var også ein klar idé, enkelt å få til, men i framkallinga vart eg var reflekser, som ikkje skulle vere med.

Humorbildet, der eg står på ei badevekt, var konkret - humor på eiga bekostning. Først prøvde eg med ein lapp med talet 70 på, så fleire knurva lappar på glvet rundt, men endelig kom det, lappen med eit smilefjes.

Actionbildet var også ein god idé, men eg har aldri stått på eit rullebrett i bevegelse.

Paul er ein kreativ kar med mange idear, og det kjem tydleg fram at han arbeider grundig med ideane sine. Dei utviklar seg, og kan nokre gonger ta ei heilt ny retning.

Tipsspalte
Kvelden vart avslutta med at John presenterte diverse tips innan foto. Vi var innom fleire nyttige og gode idear. Ein av dei var korleis du kan finne ut kor stort spenn det er i lyset i eit bilde. Still på fast blendar og ISO, og mål lyset i det aller lysaste først, noter lukkartida, og mål så kva lukkartid som gir rett eksponering målt etter det mørkaste i bildet. Differansen i lukkartid fortel deg kor mange bilde du må ta dersom du vil lage eit bra HDR-bilde.

Foto: Monica Elise Vestre

Tema er fritt, og hver deltager kan levere inntil to bilder hver.

Innleveringsfrist 10. september kl. 23.59, via NSFF.NO. Der finner du også mer info :)

 

 

 

Glade premievinnere. Foto: Arnold Hoddevik

Norgesmesteren, Kenneth Enstad får pokalen av Anita Hector. Foto: Arnold Hoddevik

Vinneren av Leif Preus fotopris, Trond Edvard Ekrol mottar pokalen for beste protrett. Foto: Arnold Hoddevik

Fredag kveld 6. juni 2014 var det klart for feiring av NM-resultatene for Skodje fotoklubb og utdeling av premier. Det var fin stemning ved Engesetdalsvannet i sommerkvelden.

Skodje fotoklubb fikk flere fine plasseringer og premier i NM i film og foto i 2014, men ikke alle var med på fototreffet i Elverum for å motta premiene. Derfor ble det arrangert premieutdeling med sommerkos, grill og fotoprat i Erstadland i Engesetdalen.

Regionkontakt Anita Nygård Hector tok turen fra Fræna, over fjord og fjell for å dele ut premiene.

Du finner fleire bilder fra sommerkvelden i bildegalleriet. Klikk her for å se bildene. Medlemmer i klubben, som tok bilder i sommarkvelden, kan laste opp bilder til albumet.

Winter reflection. Vinnarbildet i klassen Monokron. Foto: Kenneth Enstad

Knockout wedding. 2. plass i klassen Humor. Foto: Kenneth Enstad

A horse called fear. 2. plass i klassen Projeksjon monokrom. Foto John Colbensen


Classy. Vinnar av Leif Preus fotopris 2014 for beste protrett, uansett klasse. Foto: Trond Edvard Ekroll

Endelig har vi noen flere resultater fra NM i foto, sammendrag og individuelle resultater. Her viser vi de best premierte bildene.

Kort oppsummert er det slik:
Skodje fotoklubb ble nr 3 med 89 poeng, Bekkalokket nr 2 med 93 poeng og Oslo nr 1 med 126 poeng.

Kenneth Enstad ble norgesmester, og Geir Jartveit fikk tredjeplassen.
Trond Edvard fikk Leif Preus fotopris 2014 for beste portrett uansett klasse.

John Colbensen fikk flest poeng i denne runden, jf liste, så han er også ein vinner.

I tillegg fikk vi flere premierte bilder med både sølv, bronse og hederlig omtale, og mange medlemmer i klubben fikk antatt bilder. Dette finner du mer om i vedlagte lister.

Dessuten ble det utdelt plaketer for oppnådde resultater både nasjonalt og internasjonalt. Dette skjer når du har oppnådd oppgitt antall poeng, som blir summert for hver konkurranse du deltar i.

Årets klubb og norgesmestre

Sammendrag individuelt Skodje våren 2014

Sammendrag klasser våren 2014

Sammedrag fotografer våren 2014

 

Vi må ta eit visst forbehold om at listene frå NSF kan inneholde feil. Tekst: Arnold Hoddevik