Rennende væske. Foto: Han uten fotoapparat

Rennende væske er tema i denne runden, eit veldig vidt tema der alle typer væsker kan brukast. Vatn, melk, fløte, olje, osv, osv, kan danne grunnlag for ei mengde forskjellig bilde. Her er store mulegheiter for den kreative å utfolde seg.

Du kan gjerne starte å eksperimentere på kjøkkenbenken, så kjem nok nye idear til kva væsker du kan ta bilde av og kva situasjonen kan vere. John har lagt ein glimrande presentasjon i forumet, og eit anna, mindre bra eksempel er vist her.
Logg inn i forumet her og få meir informasjon

Frå Ervika. foto: Arnold Hoddevik

Fredag 4.11. til søndag 6.11. går årets mest spennande og lærerike fototur til Selje, Ervik og Hoddevik. Vi besøker Thomas Bickhardt og det nye spektakulære galleriet hans i Selje. Thomas Bickhardt skal også ha workshop om stormfoto med oss, så dette blir spennande og lærerikt.

Ikkje uroe deg for å gå glipp av cupfinalen. Du rekk lett heimatt til den.

Thomas Bickhardt arbeider m.a. som fotograf, og står bak flotte bildebøker, m.a. boka "Storm ved Stadt". Han disponerer Kråkenes fyr, og har budd der ein periode. No bur han i Selje. Det er ein kapasitet vi får besøke.

Meir detaljert program kjem ganske fort, men her er eit samandrag.
Programmet startar fredag kveld med "blikjentstund"i galleriet. Laurdag går turen først til Ervik og seinare til Hoddevik. Vi får teori og rikt høve til å praktisere. Laurdag kveld er det program i galleriet i Selje. Søndag gjer vi som vi vil, om vi vil fotografere, eller reise heim å sjå cupfinale.

Ferjeavgang frå Sulasund er kl 1630 eller 1730. Vi satsar på å bu i rorbuer i Selje sentrum. Prisen for kurset er ca 750 kroner og overnatting ca 500 per person. Mat kjem i tillegg.

Send påmelding i dag eller innan søndag 16.10. Underteikna er påmeldt allereie. Påmelding: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Skjermbilde frå Lightroom


Last ned fullstendig brosjyre her

 

Dersom du ønskjer å bruke mindre tid ved datamaskina og meir tid med kameraet, er dette kurset for deg. Slutt å leite etter bilde - ta i bruk Lightroom. Lær å ta i bruk kraftige og allsidige verktøy til å organisere og finne att bilde, redigere bilde svært lettvint, lag dei flottaste utskrifter, internettgalleri og lysbildeframvisingar. Få ein enklare fotokvardag gjennom dette kurset.

Kurset går i Skodje helga 11.11. - 13. 11.
Fredag kl 18 - 21
Laurdag kl 10 - 16
Søndag kl 12 - 15

Kurset går gjennom:
Generell bruk av Lightroom/bli kjent med programmet
Import av bilde
Organisering og attfinning av bilde
Redigering og justering av bilde
Eksport av bilde
Lysbildeframvising
Webgalleri
Utskrift

Vi brukar gratis prøveversjon av programmet, som kan brukast i 30 dagar.

Pris: kr 1900 per deltakar, inklusiv norsk bok om bruk av Lightroom. Kurset blir gjennomført med 4 eller fleire deltakarar. maks 8 på kvart kurs.

Påmelding til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. innan 07.11.
Last ned fullstendig brosjyre her

Tekst: Monica Vatnehol Foto: John Colbensen (Klikk på bildet, så får du sjå det større)

Over 40 stk. møtte opp for å sjå bilda til Steinar Vikås. Steinar er ein allsidig naturfotograf, og saman med bilda fekk vi også tips om alt frå moskusfotografering til stader ein kan reise for å fotografere. Han har ein forkjærleik til natur i alle former, fantasien er stor, og vi fekk sjå eit imponerande utvalg av bilder. Bilda viste dessutan at ein ikkje treng å reise så langt for å finne motiv. Bl.a. hadde han mange flotte bilder frå fjella rundt Innfjord, der han bur.

Fjell, vatn, kyst, folk, detaljer...på samme måte som han sjølv blir inspirert av å sjå på andre bilder, så er vi nok mange som vart veldig inspirerte av å sjå bilda hans. Eg fekk i alle fall lyst ut på tur :)

Linda betrakter sin nye venn Øyenstikkeren Øystein. Odd Arne og Bjørn satser på kamuflasje.

Tekst og foto: John Colbensen

 

 

Vi var 10-12 stk. som møtte opp en forholdsvis flott formiddag. Lyset var av varierende kaliber og kunne fotografisk sett ha vært bedre. Men, det regnet ikke! :)

Målet var Dekkjavatnet, men vi ble vel spredt litt rundt omkring og fikk en herlig naturopplevelse totalt sett. Høstfargene har jo ikke akkurat spraket i år, men slik er det på disse kanter av landet. Øyenstikkerne var fortsatt i vigør da vi trasket innover i myrlandskapet. Linda fikk seg en ny venn der...

Etter to timer var det omtrent alle som hadde vendt snuten hjemover, forhåpentligvis med flere blinkskudd i bagasjen. Undertegnede fikk i alle fall noen bilder som vil bli vist etterhvert. En god dag var det :)

Framsida til Fjørtoft si bok om digital fotografi i praksis.

Magnar Fjørtoft besøker klubben i slutten av oktober, helga 21.-23.10., og har workshop med medlemmane. Det blir ei interessant og givande helg. Sjå meir informasjon i aktivitetskalendaren.

Klikk her for å logge inn på forumet, der du finn meir informasjon om hendinga.

Skjermbilde frå Lightroom

Fotoklubben inviterer til nytt kurs i Lightroom helga 30.09.-02.10. Sjå meir informasjon i aktivitetskalendaren.

Er du ein av dei som leitar etter bilde og heller har lyst til å bruke meir tid med kameraet, så er dette kurset for deg. Her er brosjyre med informasjon om kurset.

Chillstream

Hope

John liker som vi vet konkurranser, og nå har han gjort det sterkt igjen;) Bildet "Chillstream" tok andreplassen i Moelv digitale 2011. "Nydelige farger og stofflighet, fin linjeføring" var kommentaren fra juryen. I tillegg fikk bildet "Hope" hederlig omtale og "Last Victims" ble antatt. Vi gratulerer!

Tekst: Monica Vatnehol


Last Victims

Roger Brendhagen i aksjon. Foto: Arnold Hoddevik

8. september var det duka for heilkveld med portrettfoto - uten studioblits. Historikk, tekniske forhold, kreativ bruk av kamerainnstillingar og 40 ideear til portrettfotograferinga vart presentert.

Du kan laste ned presentasjonane som vart brukt under møtet. Du finn dei under medlemsmøte i forumet, men kan klikke her for å komme direkte til posten i forumsida.

Foto: Roar Mortensen

Fotoklubben har stor utstilling av foto under Skodjedagane. Du kan kjøpe bøker og bilde, nytte deg av messetilbud og delta på gratis kurs.

Besøk oss på utstillinga. Den som melder seg på kurs i løpet av Skodjedagane, får medlemsskap i klubben for resten av året med på kjøpet.

Du kan kjøpe Norges beste bok om digital foto og den einaste Norske boka om Lightroom til messepris..

Du kan delta på gratis minikurs om fot både laurdag og søndag..

Du finn meir informasjon om dette på utstillinga, så legg turen om fotoklubben si utstilling.