8. april var det eitt år sidan klubben formelt vart stifta i klubben sitt første ordinære årsmøte.

Alt frå starten var det mange interesserte medlemmer, og ut gjennom året auka medlemstalet til over 70. I det nye året er det mange spennande prosjekt på gang. Det har blitt arrangert fleire kurs for medlemmane, og fleire vert det sikkert - om medlemmane vil. Vi arbeider for å skape eit godt tilbud til klubben sine medlemmer og eit betre fotomiljø i lokalsamfunnet.

Vinnar av 7. runde - eit vel gjennomført studie av Samfjordgårdane. Foto: Monica Vatnehol

Tema for denne runda var Arkitektur. Det viste seg å vere ei utfordrande og vanskeleg oppgåve for mange. Etter runder med jevn nivåstigning, tok stigninga ei lita pause. 16 bidrag var innlevert, og alle bilda vart vist og kommentert. Denne gongen var det ikkje John som bedømte bilda, men derimot tre fotovener i Belgia, Ukraina og Filippinene. Dei tre skal også bedømme bilda i dei to siste rundene av konkurransa. I runde 8 er tema reklame og i siste runde er tema ein serie på tre bilder med fritt motiv. To oppgåver som utfordrar deltakarane til å tenke kreativt og nytt, dvs. ikkje leite i arkivet... Kven som til slutt får tittelen som årets fotograf i Skodje Fotoklubb får vi vite på medlemsmøtet 30. mai. Meir informasjon om dei to neste rundene blir lagt ut i forumet.

Til slutt vart det snakka litt om kurs, utflukter og konkurransar. Tilboda er mange, og medlemmane blir oppfordra til å ta del i dei aktivitetane som er i klubben. Neste på planen er utflukt til Ålesund søndag 10. april. Ei helg med overnatting på Ulla i mai, er også under planlegging. I tillegg har vi tilgang til bildefagsrommet fredagar, og her kan medlemmane sjølve ta initiativ til å treffast og til kva som skal stå på planen. Når det gjeld konkurransar, så er det ein fin måte å lære på, og John oppfordra oss til å delta i den store landskonkurransa til NSFF. Frist for innlevering er 15. april, og informasjon om denne konkurransa finst på heimesida til NSFF.

Vinnerbilde - Årets non-figrative naturbilde. Foto: Geir Jartveit

Vi gratulerer fotoklubbmedlem Geir Jartveit med resultatet i konkurransen Årets nordiske naturfotograf 2011. Bildet Elefanter gikk helt til topps i klassen for non-figurative naturbilder, og Geir kan smykke seg med tittelen Årets Nordiske Non-figurative Naturfotograf. Ikke nok med det, men Geir fikk også 9. og 10. plass i samme klassen med bildene Rødt blad og Farger speiler seg.

I den non-figurative kategorien kan man leke seg med kameraet. Geir Jartveit har fotografert to hester, mens han har beveget kameraet. Resultatet ble ganske annerledes enn hva han hadde tenkt seg: Hestene var blitt til to drømmeaktige elefanter. Et morsomt og abstrakt resultat. Se mer om konkurransen og resultatene her

Tekst: Monica Vatnehol

Skummande bårer mot stranda. Foto: Arnold Hoddevik. Tekst: Nora Karin Roald Hesseberg

Vi møtte ved Gomerhuset på søndag føre¬middag, og organiserte køyring utover. Med vinden susande i øyre og hår starta vi utflukta på Vigra. Det var 5 bilar, 2 hundar og ditto fotovener. Ekstra jakker og bukser kom på, hovudplagg og panneband likeso. Bilane vart parkert ved hotellet, og med kamera og stativ vandra vi nedi fjøra rett nedanfor bygningane. Kamera låg i ryggsekken, men kom fort fram i sterk kuling og kvite frådande skumtoppar på bølgjene som slo mot land. Vona om blinkskotet vakna til live.

Les heile forteljinga om turen her

Arnold set modell og John prøver ut eit vanleg oppsett av belysning. Foto: Håkon Arnljot.

Fleire av medlemmene viste talent for portrettfotografering, då det var tid for å øve i bruk av studioblits. Kvelden 21.3. starta med framvising av videoen som føl med studioblitsane til klubben. Deretter viste John montering og samankobling av utstyret i praksis.

Det vart etter kvart liv i folket, då det var tid for øving. Datamaskina vart kobla til fotoapparatet, slik at bilda vart vist på veggen straks dei var tekne. Arnold sat modell i starten, og mange medlemmer flokka seg rundt og fyrte laus frå dei underlegaste vinklar mot smil og grimaser og forskjellige ansiktsuttrykk. Etter kvart stilte andre også som modell, og fleire ulike belysningar vart utprøvd.

Berre ei lita endring av lyset gjorde portrettbilda heilt annleis. No er det berre å kontakte materialforvaltaren, så kan du hente utstyret, sette i gang med å eksperimentere og få dei portrettbilda du lenge har ønska deg.

Her frå oppvisning under 17. mai 2007. Foto: Arnold Hoddevik

'Det var litt regn i lufta under kretsmeisterskapet i trialkøyring på Håhjem 30. oktober, men det vart nokre artige timar for dei 3 klubbmedlemmane fekk høve til å møte på denne utflukta.

Trialkøyring er ein fascinerande sport, med mange flinke ungar og ungdommar. Imponerande teknikk, fantastisk ballansekunst og evne til å beherske sykkelen, stor innsatsvilje, mykje frustrasjon over å ikkje få til og enda større glede når det gjekk bra...

Ikkje heilt enkelt å skulle fange dette med kameraet, for det var mykje bevegelse i motiva, men det var absolutt gøy å prøve.

Eit arkitektonisk meisterverk, Schripp's Garage i Goathland, York. Foto: Arnold Hoddevik

Arkitekturmotiv byr på mange utfordringar. John forklarer at det kan vere foto av: "Interiør, eksteriør, bygningsdetaljer... Men et arktietkturbilde kan også være bilde av ingeniørkunster som: broer, demninger, fontener, skulpturer, monument osv..."

Her er det virkelig masse å velje i, så planlegg kva du vil satse på, ta ein tur og prøv forskjellige ting. John har lagt ut ei mengde tips i forumet, så logg deg inn og studer desse tipsa, så blir det nok eit bra arkitekturbilde. Klikk her for å logge direkte inn til tipsa.
Hugs fristen 2. april kl 23:59

Dragsundet ei kveldsstund. foto: John Colbensen

Tema for utflukta til Dragsundet var lange eksponeringar, og denne gongen var det ein bra gjeng som møtte opp. Dette var nær knytt til gjennomgang av temaet lange lukkartider på medlemsmøte. No skulle teorien settast ut i praksis.

Det var nok mange bilistar som fekk seg ein liten stuss, då dei såg alle som gjekk rundt med refleksvest og stativ i veikanten... Fleire prøvde denne teknikken for første gong, og enkelte vil nok heilt sikkert bruke den mykje. Bra med trafikk og kaldt, fint vinterver gjorde sitt til at det vart mange flotte bilete med fascinerande lysstriper.

Stranda på Skår. Foto: Monica Vatnehol

27. februar gjekk turen til Skår og Helland i Haram. Berre fire stk. tok seg tid til å vere med på denne utflukta. Det var veldig synd at vi var så få, for turen var flott, til tross for kald vind og grått ver.

Første stopp var Skår. Der vart det både bilete med lange eksponeringar og makrobilete av livet som skjuler seg mellom fjøresteinane. Området har vakker natur med mange flotte motiv, bl.a. gamle bygg, høge fjell og kronglete vegar.

Turen vart avslutta ved den nedlagte slippen på Hellandshamn, ein spanande stad, som sikkert kunne ha vore utforska enda meir.

Vinnarbildet denne runden - Raud sekk, foto: Bjørn Tennø

Kva assosierar de med fargen raud, spurde John i starten. Blant det som vart nevnt var blod, styrke, varme, kjærleik, kommunisme og politikk.

Denne gongen (07.03.) var det gjennomgong av dei innsendte bidraga til 6. runde i konkurransen vår, som stod på timeplanen. Tema var raud, 18 bidrag var innsendt, og kreativiteten var stor.

Bileta vart vist i tilfeldig rekkefølge, med kommentarar både frå John og frå salen. Bileta blir bedre og bedre, og bedømminga stadig vanskelegare.

Denne runda var det også premiering av to tilfeldig uttrekte bidrag, og Ann Helen Krogsæter og Odd Arne Grande vann kvar sin vater til kameraet. No blir det sikkert ingen skeive horisontar frå dei to..

Etter gjennomgongen viste John 50 ‘raude’ bilete frå 1x.com, ei nettside som kan vere til stor inspirasjon, også for neste runde i konkurransa. Då er temaet arkitektur. Resultatlista finn du i forumet. Til slutt vart diplom for grunnkurs i fotografering utdelt, og det vart også nevnt at det er få påmeldte til første Lightroom kurs. Så, det er berre å melde seg på : )