Krtikkverdig bilde? Kva tenkjer du når du ser dette. Logg inn i galleriet og kommenter. Foto: Arnold Hoddevik

No kan du laste opp bilde til eit lukka album i bildegalleriet, KritikkTakk. Albumet er usynlig for alle som ikkje er innlogga, så du kan vere trygg på at bilde blir vist berre for medlemmer av klubben.

Albumet er etablert spesielt for deg som kvier for å vise bilde for kreti og pleti, men kan tenkje deg å få tips frå klubbmedlemmer. Alle som lastar opp bilde her, skal få kritkk eller tilbakemelding og konstruktive tips om forbetringar, som kan bidra til positiv utvikling i fotoferdigheiter.Kvi deg ikkje, men last opp bilde, og prøv deg også på å kommentere andre sine bilde. Du lærer også av det. Skriv kva du tenkjer og føler.

Stemning fra Mørkeset fikk 3. plass. Foto: Olav Hustad. Tekst: John Colbensen

Det var stor og god variasjon på bildene i denne runden. Synes at det var god nivåhevning atter en gang, og det var vanskelig å skille mellom flere plasser. Av den grunn er det mange som deler plasseringer denne gang. Faktisk fikk samtlige innsendte bidrag poeng.

Vinneren av denne runden ble Arnold Hoddevik med Trond Edvard Ekroll hakk i hæl på andre plass. Olav Hustad og Svein Ødegård delte 3.plassen.

Resultatlisten finner du på forumsiden, og bildene kan du se i bildegalleriet.

Dårlig eksempel på løsning. Foto: Arnold Hoddevik. Tekst John Colbensen.

Her er altså fargen rød hovedtema. Det finnes massevis av måter å løse dette på, og jeg oppfordrer dere til å være litt kreativ, for det betaler seg ofte. Fristen er satt til lørdag 5. mars klokken 23.59

I denne runden ønsker vi også tittel på bildet ditt. Skriv navnet ditt og tittel på bildet i filnavnet på bildet, f.eks. 'John_Colbensen_traktor.jpg'.

Husk størrelsen på bildet (1024 piksler lengste side) Se forøvrig reglement i forumet

Gråversstemning frå Alnes. Foto: Arnold Hoddevik

Kveldens tema var gjennomgang av dei innsendte bidraga frå 5. runde i den interne klubbkonkurransen. Tema var stemning, og John viste bilda i tilfeldig rekkeføgje, kommenterte, og fekk kommentarar frå salen. Kvaliteten på bilda var denne gongen endå høgare enn tidlegare runder, og det har blitt vanselegare enn før å plukke ut vinnarbildet.

Den enkelte bidragsytaren hadde tolka temaet ulikt, noko som resulterte i eit veldig mangfold av motivvalg og stemningar, alt frå gråver, solnedgang, opprørsk tenåring til leikande barn, impulsiv ungdom og høststemning osv.

Til slutt gjekk John også gjennom 10 nyttige tips å ta omsyn til i forbindelse med konkurransar. Dette stoffet finn du etter kvart på forumsida vår. Logg inn og les.

Eit tjuetals medlemmer hadde møtt fram, og deltok interessert i diskusjonen med synspunkt og kommentarar. Fleire uttrykte etterpå at det hadde vore ein lærerik og nyttig kveld.

Resultatet av konkurransen var ikkje klart til møtet, men vert lagt ut på forumet og galleriet straks det er klart.

Snøbyge ved Molnes. Foto: Oddbjørn Døving

Ålesund Kameraklubb inviterer til open nasjonal digital fotokonkurranse. Alle medlemmer i NSFF kan delta.

Her er det om å gjere å kaste seg fram på. Temaet for konkurransen er FRITT MOTIV.

Innleveringsfrist 15. mars 2011

Meir informasjon om konkurransen

Invitasjonen som er sendt ut.

Fyrlykta ved Lepsøyrevet, eit viktig landemerke for sjøfarande. Tekst og foto: Marianne With Nor

30.januar 2011 gjekk turen til vakre Skjelten/Gamlemshaug, og 7 fotoglade sjeler møtte opp. Dei fleste hadde vore der tidligere. Dei som hadde sett fram til dette lenge, vart ikkje skuffa. Utrulig mange flotte motiv innafor eit lite område! Veret var (ikkje overraskende) grått og surt, men uten nedbør denne gongen.


Ein ivrig fotograf i aksjon

Martin Madsen får overrekt kursbevis og boka Adobe Photoshop Lightroom 3 - Enkelt forklart. Foto: John Colbensen, Tekst: Monica Elise Vatnehol.

 

Kannesteinen. Foto: Arnold Hoddevik

Registrer deg i forumet ved å klikke her

Ålesund kameraklubb inviterer til nasjonalt fototreff

Medlemsmøtet 24.01. vart åpna med overrekking av kursbevis og brukarmanual for alle som gjekk på Lightroom-kurs hausten 2010. Manualen blir nok til god hjelp når ein skal utforske programmet på eiga hand, og skal visstnok vere så bra at den burde selgast til Adobe...

Etter overrekkinga gjekk Arnold over til å vise bilete frå ein flott tur til Vågsøy kommune sist vår. Bileta tok oss med til Måløy, Kannesteinen, Hendaneset, Kråkenesfjellet og Kråkenes Fyr m.m. Storslått natur og mange flotte motiv gjorde at fleire av medlemmane uttrykte ønske om ein tur til Kråkenes...kanskje ein idé for ei fotoutflukt for klubben ein gong?

Bruken av nettsida til klubben var neste tema. Arnold forklarte kva informasjon som finst der, korleis ein lagar innlegg og legg inn kommentarar, korleis ein lastar opp bilete, enkel redigering av bilete, avatar m.m. Delar av sidene er offentlege, men for å få tilgang til forumet må ein logge inn. Alle medlemmane vert oppfordra til å registrere seg og ta i bruk sidene, slik at vi kan få eit aktivt miljø i klubben.

Til slutt vart det vist ein DVD som Ålesund Kameraklubb har laga med bilete frå Ålesundsområdet. Bileta tok oss med gjennom årstidene, og ga eit flott inntrykk av byen. Ideen om å lage noko liknande om fotoklubben og/eller Skodje kommune vart lufta. Eit langsiktig prosjekt som kan vere både lærerikt og engasjerande for medlemmane i klubben.

Det vart også nevnt at Ålesund Kameraklubb i år er medarrangør av NSFFs nasjonale fototreff i starten av juni. Meir om dette kan ein lese på nettsidene til NSFF.

John Colbensen fekk takk, blomster og applaus for at han tok initiativet til å få i gang fotoklubben og for innsatsen så langt.

Fredag 21.01.2011 gjennomførte klubben årsmøte for 2. gong. Berre 16 med- lemmer møtte fram. Dei frammøtte var imidlertid engasjerte i sakene, og foreslå endringar i styret sine framlegg til vedtak, men alle vedtak var einstemmige.

Årsmøtet vedtok einstemmig endringar av tre paragrafar i vedtektene. Merk at frå 2011 gjeld medlemsskap frå 1.11. også for påfølgande år. Studentar med gyldig studiebevis skal no betale halv kontingent, på same måten som familiemedlemmer og ungdom under 18 år. Årsmøtet gjekk også inn for å heve kontingenten til 500 kroner for vanlege medlemmer og til 250 for familie/ungdom/studentar. Den viktigaste grunnen til dette er at klubben frå 2011 må betale full kontingent til NSFF.

Svein Ødegård og Lillian Larsen gjekk ut av styret, og inn kom Monica Elise Vatnehol og Martin Madsen. Styret vart også utvida med 2 varamedlemmer.

Årsmelding vart godkjent med retting av nokre få faktiske feil, og rekneskap uten merknader til resultatet, men med eit tillegg i teksten på ein av postane.

Møteprotokoll kan lesast på forumsidene, eller du kan klikke her for å komme til protokollen - via innlogginga.

Last ned årsmelding her
Last ned resultatrekneskap her

Etter årsmøtet samlast årsmøtedeltakrane til eit festleg spleiselag. Det vart servert elggryte med ris og salat og kake med kaffe. John og Arnold viste lysbildeseriar til inspirasjon og underholdning. Praten gjekk ivrig rundt bordet til over midnatt.

Dei som ikkje vart med på dette arrangementet, kan berre angre.

Tekst og foto: John Colbensen

"STEMNING" er tema for 5.runde i vår interne klubbkonkurranse. Kanskje synes mange dette er et vanskelig tema, men stemning kan være så mangt: En regnværsdag, en glad unge eller en gråtende unge, en nedfor husmor eller en superglad ektemann, et grått landskap eller et fargerikt sommerlandskap, tunge skyer eller knallblå himmel...søvnig stemning eller våken stemning, hverdag eller fest....osv i det uendelige Som dere skjønner, så kan alle mulige typer motiv sendes inn, bare det gir betrakteren en følelse av en stemning.

Fristen er satt til Lørdag 05.02 kl. 23.59.

Reglene finner dere inne på konkurranseforumet, så logg på og les.

Lykke til! Send inn!!

Nyttårsaften på skodje. Foto: Arnold Hoddevik

For få dagar sidan fekk klubben ei bestilling på ein lysbildeserie frå kommunen. Serien skal inneholde bilde frå kommunen, og brukast til framvising under ein interkommunal konferanse i vinter.

Bilda kan vere alle mulege motiv frå kommunen vår, alle årstider, turmulegheiter, fjord, fjell, arbeidsliv, gatebilde, offentlege bygningar, bustadområde, verdt å sjå, arrangement, osv, osv.

Hugs at personar som er avbilda, og kan identifiserast, må gje sitt samtykke til at bildet blir vist.

Send bilda dine til Arnold så snart råd er, og innan mandag 25. januar. Skriv 'Konferansebilde' i emnefeltet..
Du finn epostadressa til Arnold, dersom du klikkar på 'Om klubben'. Ver nøye med å skrive Konferansebilde i emnefeltet - ikkje noko anna, fordi epostane blir behandla automatisk.