|   Formann John Colbensen snakkar med ein av dei frammøtte | Høgaktuelle tema for mange frammøtte medlemmer på medlemsmøtet denne kvelden. Ei gruppe på knapt 20 personar fekk gjennomgang av korleis lukkartid, blendaropning og ISO kan kombinerast for å skape meir kreative bilde, bilde som går litt utanpå dei automatikken i kameraet kan skape. Ei litt mindre gruppe drøfta bildekomposisjon, og såg på ulike eksempel på korleis komposisjonen påverkar bilda. Etter iveren å døme var det knapt slik at temaet vart uttømt. Mange kunne sikkert holdt på mykje lenger og diskutert. Fleire av dei frammøtte var heilt ferske, hadde hatt kamera berre ei kort stund, og nokre var også nyleg meldt inn i klubben. Klikk her for å laste ned presentasjon om Lukkar, blendar og ISO. (ver litt tolmodig, fordi det kan ta tid å laste ned fila. Trykk ev F5 på tastaturet for å oppdatere, dersom nedlastinga let vente på seg. | 
|   
 | Epson gir tilbud til medlemmer i fotklubbar og direktemedlemmer i NSFF. Sjekk dette: Tilbud frå Epson | 
|   T-skjorte med rund hals | Du kan no bestille T-skjorter med påsydd logo. Klubben har fått avtale med Merkantil Reklame AS, og skal så snart råd er levere bestilling av T-skjorter med klubben sin logo. Dette blir brodert logo sydd direkte på T-skjorta, så kvaliteten er veldig god. Med dette kan medlemmane profilere klubben. Vi framstår som ein klubb, når vi er på ulike arrangemnet vi deltek på. |