Skjermbilde frå Lightroom |
Fotoklubben inviterer til nytt kurs i Lightroom helga 30.09.-02.10. Sjå meir informasjon i aktivitetskalendaren. Er du ein av dei som leitar etter bilde og heller har lyst til å bruke meir tid med kameraet, så er dette kurset for deg. Her er brosjyre med informasjon om kurset. |
Roger Brendhagen i aksjon. Foto: Arnold Hoddevik |
8. september var det duka for heilkveld med portrettfoto - uten studioblits. Historikk, tekniske forhold, kreativ bruk av kamerainnstillingar og 40 ideear til portrettfotograferinga vart presentert. Du kan laste ned presentasjonane som vart brukt under møtet. Du finn dei under medlemsmøte i forumet, men kan klikke her for å komme direkte til posten i forumsida. |
Med fiskeauger er det enkelt å fange seg sjølv. Foto: Arnold Hoddevik |
Sjølvportrett er tema for konkurransen i den andre runden av årets fotograf i skodje fotoklubb. Fristen er 30.09. Logg inn på forumet her for å lese meir om temaet. Portrettfoto er også tema for medlemsmøtet den 08.09., så her kan kanskje vere nokon tips å hente. |
Konkurransen med fritt motiv |
Moelv Kameraklubb inviterer til nasjonal konkurranse. Konkurransen er godkjent av NSFF, og resultata er poenggivande til NSFF plakettar. Frist er 1. september. Les meir om konkurransen her. |