|   Grønn te - ren nytelse. Foto: Monica Vatnehol | Monica gjekk til topps i denne runden, og styrker kandidaturet sitt til å bli årets fotograf i klubben. Det vart damene si runde dette, med Ann Helen Krogsæter og Hilde Sørdal på dei neste plassane. Monica leverte eit lyst og lekkert bilde med flott komposisjon og klart budskap. Dei to neste var hakk i hel.Les meir om resultata i forumet, og sjå på bidraga i galleriet. Spenninga stig framfor siste runde. Det er 11 poeng som skil dei 4 første på lista. I siste runde er det mulig å få heile 15 poeng for førsteplassen, så det er fullt mulig at fleire byter plass samanlagt i siste runde. Serien på 3 bilde med ein innbyrdes sammenheng skal bedømmast både kvar for seg og i lag. Sjå også referat frå medlemsmøtet under medlemsmøte. Hilde Sørdal og Silje Brunstad vann kvar sin lekker minnepinne. | 
|   
 | Besøk Nordic Light i Kristiansund, som går av stabelen 3. - 7. mai. Den er spekka med utstillingar, foredrag og workshops, og mange menneske strøymer til byen desse dagane. Du kan finne programmet for festivalen ved å klikke her | 
|   Kirkegård. foto: Terje Angeltveit | Terje Angeltveit gjekk til topps i andre runde av konkurransen om å bli Årets fotograf. Team i denne runden var landbskap. Foto.no arrangerer konkurransen Årets fotograf med fire runder kvart år. Les meir om denne runden her Les meir om konkurransen her | 
|   foto: Arnold Hoddevik | 2011 er arkitekturens år. Arkitektur kan by på mange varierte og spennande utfordringar, skriv Geir Brekke i ein artikkel på Foto.no. Han fabulerer gjerne litt rundt ulike betraktiningsmåtar, problemstillingar og innfallsvinklar ved å fotografere arktiektur. Geir Brekke er ein allsidig og interessant fotograf, som utforskar mange ulike sider ved foto, både kreativt krevjande motiv og tekniske sider ved fotograferinga. Du kan lese heile artikkelen ved å klikke her | 
|   Skjelten i blåtimen. Foto: Monica Vatnehol | Panorama var tema for kvelden, og foredragshaldar var Arnold. Ordet panorama kjem frå gresk og betyr altomfemnande synsvidde. Det er ein fototeknikk som handlar om å ta fleire bilder og så setje dei saman til eit bilde. Bildet kan vise omgivelsar opp til 360 grader, så teknikken blir ofte brukt hvis ein skal fotografere eit stort område. Utsnitt frå eit bilde kan også sjå ut som panorama, men er ikkje ekte panorama. Arnold gjekk gjennom forskjellige variantar, forklarte om teknikk og utstyr, og viste eksempel på både feil som kan oppstå og rett samansette bilder. Foredraget med linkar finn du her. |